Valdajka
Valdajka | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 783 km² | ||
Lengd | 50 km | ||
Kjelde | Uzjin | ||
Munning | Pirossjøen | ||
Valdajka 58°08′44″N 33°50′00″E / 58.145555555556°N 33.833333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Valdayka river | |||
Valdajka (russisk Валдайка) er ei elv i Valdajhøgdene i Novgorod og Tver oblast i Russland. Elva er 50 km lang og har eit nedslagsfelt på 783 km².
Elva høyrer til nedslagsfeltet til Msta og renn frå innsjøen Uzjin nær byen Valdaj og nordaustover og ut i Pirossjøen. Elva renn gjennom ei rekkje innsjøar med ei lengd på 3-4 km og ei breidde på 300-400 meter. Av desse finn ein Zakidovskoje og Polotitsjno. Jarnbanen mellom Moskva og St. Petersburg kryssar elva nær landsbyen Lykosjino. Sidan Berezajka er namnet på elva som renn både inn og ut av Piros, vert Valdajka rekna som sideelva hennar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Valdayka River» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2008.