Valentina Stenina
Valentina Stenina | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 29. desember 1934 (90 år) Babrujsk |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 154 centimeter |
Ektefelle | Boris Stenin |
Valentina Stenina på Commons |
Valentina Sergejevna Stenina, fødd Miloslalova, (fødd 29. desember 1934) er ein tidlegare skeiseløpar frå Babrujsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister på lengdeløpsskeiser i 1960, 1961 og 1962, og var gift med Boris Stenin.
Stenina fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i VM 1959 i Sverdlovsk, der ho vart nummer to etter landskvinna Tamara Rylova. Året etter var rollene omsnudd då VM 1960 fann stad i Östersund. Ein månad seinare tok Stenina sølvmedaljen på 3000 meter under Vinter-OL 1960, bak landskvinna Lidija Skoblikova. Vinteren 1961 forsvarte Stenina VM-tittelen i Tønsberg, etter å ha vunne dei tre kortaste distansane. Etter eit nytt OL-sølv bak Skoblikova på 3000 meter i 1964, kleiv ho opp på sølvplassen ved skeise-VM 1965 i finske Uleåborg. Stenina vart verdsmeister for tredje gong i 1966. På Øya stadion i Trondheim sikra ho seg laurbærkransen utan å ha vunne ein einaste distanse, men etter å ha vore på pallen i samtlege fire.
Stenina vart sovjetisk meister fire gongar: 1961, 1965-67. Ho la opp i 1968.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Valentina Stenina» frå Wikipedia på nederlandsk, den 7. januar 2018.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1934
- Sovjetiske skeiseløparar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960
- Skeiseløparar under vinter-OL 1960
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1964
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964
- Skeiseløparar under vinter-OL 1964