Valerij Jakobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valerij Jakobi
Valery Jacobi.jpg
Fødd 15. mai 1834
Kazan Governorate
Død

26. mai 1902 (68 år)
Nice

Yrke kunstmålar
Valerij Jakobi på Commons

Valerij Ivanovitsj Jakobi (russisk:Валерий Иванович Якоби eller Якобий) (15. mai 183413. mai 1902) var ein russisk målar. Han var ein eldre bror av etnografen og den revolusjonære Pavel Jacobi.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Valerij Jakobi vart fødd i landbyen Kudrjakovo i Kazan-guvernementet, der faren var godseigar. Han studerte ved universitetet i Kazan, men braut av studiane for å verve seg til den russiske hæren under Krimkrigen. I 1856, etter å ha vorte dimittert frå hæren, bestemte han seg for ikkje å take opp att studiane. Han valde i staden å satse på eit liv som kunstnar.

Åra 1856-61 studerte Jakobi ved St. Petersburgs kunstakademi. Han oppnådde ein gullmedalje for måleriet Fredfull fridag for ein tiggar (1860). I 1861 måla han det som truleg er hans mest minneverdige måleri; Fangar på stoppeplass. Perioden 1861-69 la Jacobi ut på fleire reiser til Europa med eit stipend frå kunstakademiet. Han vitja både Tyskland, Sveits, Frankrike og Italia.

Fangar på stoppeplass, 1861

I 1870 var Jacobi med på å stifte kunstnarforeininga Peredvizjnikij. Men to år seinare vart han ekskludert for ikkje å ha delteke på ei utstilling som foreininga heldt, og for grunnleggjande brot mot ideala som foreininga var tufta på. Seinare vart han oppfatta som ein konservativ målar, skeptisk til Peredvizjnikij-ideane.

Jakobi var medlem av St. Petersburgs kunstakademi frå 1868, professor frå 1871. Han underviste ved akademiet i perioden 1878-89. Mesteparten av tida budde han i St. Petersburg og laga historiske måleri som Narrar ved Anna Joanovnas hoff (1872), Ishuset (1878). Verka hans vart kritisert for å vere reint dekorative, heilt utan kjerne og innhald.

Jakobi døydde i Nice i 1902.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]