Valgard frå Voll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Valgard frå Voll (Valgarðr á Velli) var ein islandsk skald som levde i byrjinga av 1000-talet.

I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde (1015-1066). Fleire av dikta hans er sitert i Skaldskaparmål[2] og han er nemnt i kongesogene, m.a. i Heimskringla, i Soga om Harald Hardråde og i Fagerskinna[3].

Det er lite som er kjent om Valgard, men tilnamnet hans á Velli kan tyde på at han var i familie med Mørd (Mörður ) som er nemnt i Njålssoga[4], og som budde på Voll på Rangåvollane (Rangárvöllum) på Island.

Kjende dikt av Valgard frå Voll: Dikt om Harald Hardråde[5].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Skaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst)
  3. Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst
  4. BRENNU-NJÁLS SAGA frå snerpa.is (islandsk tekst)
  5. Dikt om Harald Hardråde av Valgard frå Voll (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]