Vallée de Joux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lac de Joux og lac Brenet, Vallée de Joux, frå Dent de Vaulion

Vallée de Joux er ein dal i Jurafjella som hovudsakleg ligg i kantonen Vaud i Sveits. Dalen held òg fram inn i Frankrike (departementet Jura). Han ligg om lag 50 km nord for Geneve og nordvest for Lausanne. Høgda er kring 1000 meter over havet. Det ligg tre innsjøar i den sveitsiske delen av dalen: lac de Joux, lac Brenet og lac Ter.

Det er tre kommunar i dalen, Le Chenit, Le Lieu og L'Abbaye som i lag dannar distriktet La Vallée. Desse omfattar ti landsbyar, som Le Sentier, Le Brassus og Le Pont.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°35′N 6°13′E