Departementet Jura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jura
Våpenskjoldet til Jura
Plassering
Plasseringa til Jura i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 39
Region: Franche-Comté
Préfecture: Lons-le-Saunier
Sous-préfectures: Dole
Saint-Claude
Arrondissement: 3
Kantonar: 34
Kommunar: 545
Président du conseil général: Gérard Bailly
Statistikk
Folketal Rangering 79.
 -1999 250 857
Folketettleik: 50/km²
Landareal¹: 4 999 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Jura er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté og er kalla opp etter Jurafjella, på same måte som den sveitsiske kantonen Jura.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jura er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Franche-Comté. Departementa Jura, Doubs og Haute-Saône dannar i dag den moderne regionen Franche-Comté. Préfecture (administrasjonsstad) er Lons-le-Saunier.

Historisk høyrte Jura til Grevskapet Burgund, kjend i Frankrike som Franche-Comté. Dole var hovudstad i området fram til det vart erobra av Louis XIV og hovudstaden vart flytta til Besançon.

Så tidleg som på 1200-talet snakka 2/3 av innbyggjarane sør i Jura ein dialekt av frankoprovensalsk. Denne dialekten vart framleis tala i jordbruksområde på 1900-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jura er eit av fire departement i regionen Franche-Comté og grensar til dei franske departementa Doubs, Haute-Saône, Côte-d'Or, Saône-et-Loire og Ain, i tillegg til den sveitsiske kantonen Vaud i aust.

Jurafjella er skogkledde og rullande, og ikkje ulendt og berglendt slik som Alpane.

Ein finn mange innsjøar i Jura. Den største naturlege innsjøen er Lac De Chalain, som er 3 km lang og 1 km brei. Lac de Vouglans oppstod ved bygginga av ei demning og tilhøyrande vasskraftverk. Dette er ein av dei største kunstige innsjøane i Frankrike.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klima i Jura varierer stort med høgda. Dei lågare dalane er tempererte og behageleg, medan dei høge fjellområda kan ha svært kalde vintrar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jura er ein vinregion. Jura er kjend for sine uvanlege og særprega vinar, slik som vin jaune, som er laga på liknande måte som sherry. Andre druevariantar er Poulsard, Trousseau og Chardonnay.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Jurafjella tilbyr mange aktivitetar som turgåing, skigåing og anna vintersport.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Jura