Vallée de Joux

Koordinatar: 46°35′N 6°13′E / 46.583°N 6.217°E / 46.583; 6.217
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. mars 2013 kl. 22:02 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 6 interwikilenkjer som er flytte til d:q675178Wikidata)
Lac de Joux og lac Brenet, Vallée de Joux, frå Dent de Vaulion

Vallée de Joux er ein dal i Jurafjella som hovudsakleg ligg i kantonen Vaud i Sveits. Dalen held òg fram inn i Frankrike (departementet Jura). Han ligg om lag 50 km nord for Geneve og nordvest for Lausanne. Høgda er kring 1000 meter over havet. Det ligg tre innsjøar i den sveitsiske delen av dalen: lac de Joux, lac Brenet og lac Ter.

Det er tre kommunar i dalen, Le Chenit, Le Lieu og L'Abbaye som i lag dannar distriktet La Vallée. Desse omfattar ti landsbyar, som Le Sentier, Le Brassus og Le Pont.

Kjelder

46°35′N 6°13′E / 46.583°N 6.217°E / 46.583; 6.217