Vandrefalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vandrefalk
Vandrefalk
Vandrefalk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiingskart. Gult viser sommarhekkeområde, blått overvintringsstader, grønt hekkeområde for fastbuande fuglar, og turkis område fuglen vitjar under trekk.
Utbreiingskart. Gult viser sommarhekkeområde, blått overvintringsstader, grønt hekkeområde for fastbuande fuglar, og turkis område fuglen vitjar under trekk.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falconiformes
Familie: Falconidae
Slekt: Falco
Art: Vandrefalk F. peregrinus
Vitskapleg namn
Falco peregrinus

Vandrefalk eller ferdafalk (vitskapleg namn Falco peregrinus) er ein fugl i falkefamilien. Han lever som trekkfugl i nordlege område og standfugl i sørlege.

Vandrefalk.
Foto: Teddy Llovet

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Vandrefalken har svartgrå rygg medan undersida er lys, spetta med mørk grått. Nebbet er mørkegrått med gultone mot rota. Iris er svartbrun, medan føtene er gule hos vaksne individ og blågrå hos yngre.

Fuglen vert mellom 40 og 50 cm lang og har eit vengespenn på 95-110 cm. Hannfuglen kan vega inntil 700 g, medan hoa kan bli opptil 1100 g. Hannen er på storleik med ei kråke og hoa med ein ramn.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Vandrefalken fangar bytte, nesten utelukkande fuglar i duestorleik, gjennom styrtdykkingar på over 200 km/t frå ei stor høgd. Farten og tyngda til fuglen gjer det mogleg å slå ut byttet i lufta. Vandrefalken er tilpassa raske flygingar gjennom små framspring i nasebora som styrer den kraftige luftstraumen vekk frå dei, og blinkhinner framfor augo som vernar dei samtidig som falken kan sjå.

Vandrefalken legg egg rett på underlaget på ei fjellhylle. Fuglen er monogam.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vandrefalken er den mest spreidde og framgangsrike rovfuglarten. Han finst over heile jordkloten bortsett frå i Antarktis, ørkenstrøk og delar av Sør-Amerika.[2]

Bestanden i Noreg er kategorisert av norsk raudliste som livskraftig (LC), etter å tidlegare ha vore nær trua (NT).[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av vandrefalk Falco peregrinus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vandrefalk