Falkefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Falconidae)
Falkefamilien
Brunfalk, Falco berigora Foto: John O'Neill
Brunfalk, Falco berigora
Foto: John O'Neill
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Vigors, 1824

Falkar og karakaraer er rundt 64 artar av dagaktive rovfuglar som utgjer falkefamilien Falconidae og er utbreidd over det meste av verda. Familien er einaste medlemen i ordenen Falconiformes. Fuglar i falkefamilien liknar haukar. Dei har skarpe klør, krumt nebb og godt syn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Falkar og karakaraer er små til mellomstore rovfuglar, som varierer i storleik frå svartflankefalkonett, på 35 gram, til jaktfalk, som kan vege så mykje som 1 735 gram. Dei har sterkt krumt nebb, kraftig bøygde klør og framifrå syn. Fjørdrakta er vanlegvis i fargene brunt, kvitt, kastanje, svart og grått, ofte med spraglete mønster. Det er liten skilnad i fjørdrakta mellom kjønna, sjølv om nokre artar har noko kjønnsdimorfisme i klårleik i fjørdrakta.

Dei skil seg frå haukefuglar ved å avlive byttet med nebben i staden for med føtene sine. Dei har ei «tann» på sida av nebben som medverkar til eigenskapen.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Familien har ein nær kosmopolitisk distribusjon, fråverande berre frå den tettaste skogen i Sentral-Afrika, nokre avsidesliggande oseanisk øyar, Arktis og Antarktis. Nokre artar har ei særs vid utbreiing, spesielt den kosmopolitiske vandrefalk, som strekkjer seg frå Grønland til Fiji, og har den vidaste naturlege hekkedistribusjon av alle fuglar. Andre artar har meir avgrensa distribusjonar, særleg øyendemiske artar som mauritiusfalk. Dei fleste naturtypar blir utnytta, frå tundra til regnskog og ørkenar, sjølv om det generelt finst fleire fuglar i ope lende og til og med skogartar har ein tendens til å velje seg øydelagd skog og utkant av skog. Nokre artar, hovudsakleg i slekta Falco, er fullt ut trekkfuglar, der nokre artar i Eurasia overvintrar så langt borte som i Afrika, andre artar kan vere delvis trekkfuglar. Amurfalk har ei av dei lengste migrasjonsrutene og flyg frå Aust-Asia til det sørlege Afrika.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Falkar og karakaraer er predatorar, nyttar fuglar, små pattedyr, krypdyr, insekt og åtsel som matkjelder. Ei vanleg førestilling er at fuglar i falkefamilien er raske rovfuglar. Dette er tilfelle for slekta Falco og nokre falkonettar og andre artar, men spesielt karakaraer er meir langsame i søk etter føde. Neotropiske skogsfalkar er mangslungne skogsjegerar. Fleire artar, særleg av slekta Falco, vil hamstre føde.[2] Dei er einsame jegerar eller vaktar territorium i par, sjølv om dei kan danne store flokkar under trekket. Somme artar er spesialistar, til dømes er latterfalk spesialist på slangar, men andre artar er meir mangslungne.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Falkar og karakaraer hekkar generelt parvis, men rundt 10 % av artane er kolonihekkarar, til dømes kveldsfalk.[3] Dei er monogame, sjølv om nokre karakaraer òg kan bruke fadderstrategiar, der yngre fuglar hjelper vaksne, i regelen foreldra, i å få fram eit neste kull med ungar. I regelen byggjer ikkje falkar reir, med unnatak av karakaraer, men tek over reir frå andre fuglar, til dømes hekkar afrikapygméfalk i reir lagde av vevarar, eller legg egg på berghyller. Eit eggkull er på 2-4 egg, for det meste ruga av hoa. Rugetidene varierer frå art til art og er korrelert til kroppsstorleik, frå 28 dagar for mindre artar og opp til 35 dagar for dei største. Ungar er flygedyktige etter 28-49 dagar, igjen varierande med artsstorleik.

Relasjonar til menneske[endre | endre wikiteksten]

Falkar og karakaraer har eit komplisert tilhøve til menneske. I oldtidas Egypt vart dei guddommeleggjorte i form av Horus, himmelgud og solgud, og var stamfar til faraoane. Karakaraer var òg ein del av aztekarane sine legender, nordkarakara er i dag meksikansk nasjonalfugl. Falkar vart viktige i den tidlegare ofte kongelege sporten falkoneri. Dei har òg vorte forfylgde for predasjonen sin på vilt og husdyr, og forfylging har ført til utrydding av minst éin art, guadalupekarakara. Fleire isolerte artar har gått kraftig tilbake, ingen meir enn mauritiusfalk, som ein gong talte berre fire individ. IUCN reknar at rundt fem falkeartar er trua av utrydding, inkludert tartarfalk.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Afrikapygmefalk, Polihierax semitorquatus
Foto: Steve Garvie

Falkar og karakaraer i rekkjefylgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Slekt Micrastur

  • Haukskogfalk, Micrastur ruficollis, Barred Forest-Falcon, LC, Vieillot, 1817
  • Blyskogfalk, Micrastur plumbeus, Plumbeous Forest-Falcon, VU, Sclater, 1918
  • Kvitaugeskogfalk, Micrastur gilvicollis, Lined Forest-Falcon, LC, Vieillot, 1817
  • Panskogfalk, Micrastur mintoni, Cryptic Forest-Falcon, LC, Whittaker, 2002
  • Gråryggskogfalk, Micrastur mirandollei, Slaty-backed Forest-Falcon, LC, Schlegel, 1862
  • Halsbandskogfalk, Micrastur semitorquatus, Collared Forest-Falcon, LC, Vieillot, 1817
  • Loretoskogfalk, Micrastur buckleyi, Buckley's Forest-Falcon, LC, Swann, 1919

Fem slekter karakaraer: Daptrius, Ibycter, Phalcoboenus, Caracara og Milvago

Slekt Herpetotheres

  • Latterfalk, Herpetotheres cachinnans, Laughing Falcon, LC, Linné, 1758

Slekt Spiziapteryx

  • Parakittfalk, Spiziapteryx circumcincta, Spot-winged Falconet, LC, Kaup, 1852

Slekt Polihierax

Slekt Microhierax

Slekt Falco 38 typiske falkar, inkludert dei fem artane som hekkar i Noreg: tårnfalk, dvergfalk, lerkefalk, jaktfalk og vandrefalk. Kveldsfalk er ein gjest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tordoff, Andrew (2002). «Raptor migration at Hoang Lien Nature Reserve, northern Vietnam» (pdf). Forktail 18: 45–48. 
  2. Collopy, M.W. (1977). «Food Caching by Female American Kestrels in Winter». Condor 79 (1): 63–68. doi:10.2307/1367531. 
  3. Ille, R.; Hoi, H.; Grinschgl, F.; Zink, F. (2002). «Paternity assurance in two species of colonially breeding falcon: the kestrel Falco tinnunculus and the red-footed falcon Falco vespertinus». Etologica 10: 11–15. 
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]