Vanguard 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopi av Vanguard 2

Vanguard 2 er ein amerikansk satellitt som var meint å måla skydekke på dagsida av jorda. Han vart skoten opp 17. februar 1959 frå Cape Canaveral med ein Vanguard-rakett.

Satellitten var ei magnesiumkule med ein diameter på 50,8 centimeter, og hadde ei vekt på 9,8 kilogram. Kula inneheldt to optiske teleskop med to fotoseller. Kula var dekt med gullplater på innsida. På utsida var ho dekt med aluminium og silikonoksid i store nok mengde til å kunna halda rett temperatur for instrumenta. Instrumenta fekk straum frå kvikksylvbatteri.

Vanguard 2 kommuniserte med jorda gjennom to radioar. Den eine sende telemetri og hadde ein styrke på 1 watt og sende på frekvensen 108,03 megahertz. Den andre var til sporing og sende ut eit samanhengjande signal. Han hadde ein styrke på 10 milliwatt og sende på frekvensen 108 megahertz. Ein ordremottakar vart nytta til å aktivera ein bandopptakar som sende data frå teleskopa til telemetrisendaren.

Båe sendarane verka vanleg i 19 dagar. Satellitten var spinnstabilisert ved 50 dreiingar per minutt, men ein ugagnleg spinnakse gav dårlege telemetridata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]