Vardøtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vardøtunnelen
Foto: Fanny Schertzer

Vardøtunnelen er ein 2 892 meter lang undersjøisk vegtunnel under Bussesundeteuropaveg 75 i Vardø kommune i Finnmark, mellom Svartnes på fastlandet og Steilneset på Vardøya. Tunnelen er byen Vardøs vegsamband til fastlandet. Det lågaste punktet i tunnelen ligg 88 meter under havet, og største stigninga er 8 %.

Bygginga tok til i 1979, og tunnelen vart teke i bruk den 22. desember 1982 som den fyrste undersjøiske tunnelen i Noreg. Tunnelen vart offisielt opna 16. august 1983 av kong Olav V.