Vardoúsia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vardoúsia
Βαρδούσια
fjell
none  Vardoúsia med toppen Kórakas sett frå vest
Vardoúsia med toppen Kórakas sett frå vest
Land Flag of Greece.svg Hellas
Område Fokída
Høgd 2 495 moh

Vardoúsia (gresk Βαρδούσια) eller Vardoussia er ei fjellkjede i periferieininga Fokída i Hellas. Den høgaste toppen heiter Korakas (Κόρακας, i antikken Κόραξ, Korax) og er på 2 495 moh. Píndosfjella ligg i nordvest, medan Panetolikófjella ligg i vest. Fjellet er delt inn i tre delar: Nord-Vardoúsia, der den høgaste toppen er Sináni (2 059 m), den svært bratte Vest-Vardoúsia, der den høgaste toppen er Soúfles (2 300 m) og Sør-Vardoúsia med Kórakas som den høgaste toppen. Heile kjeda er om lag 30 km lang frå nord til sør og om lag 15 km brei.

Frå toppen av fjella kan ein mellom anna sjå Panetolikó i vest, Sperkhiósdalen, Giónafjella i nordaust, og ein sjeldan gong kan ein sjå Maliábukta.

Av elvar som har sitt utspring i fjella finn ein Mórnos, Kókkinos og Évinos.

Nærliggande stader[endre | endre wikiteksten]

Fleire av desse landsbyane danna tidlegare kommunen Vardoúsia, frå 2011 ein del av den større kommunen Dorída.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]