Gióna
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gióna Γκιώνα | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Fokída | ||
Høgd | 2 510 moh. | ||
![]() Gióna | |||
Wikimedia Commons: Mount Giona | |||
Gióna (gresk Γκιώνα) er eit fjell i periferieininga Fokída i Hellas mellom fjella Parnassós og Vardoúsia. I antikken vart det kalla Asélinon Óros (gresk Ασέληνον όρος}. Det er det høgaste fjellet sør for Ólymbos og det femte høgaste i heile Hellas. Den høgaste toppen på fjellet heiter Pyramída og er 2 510 meter over havet.
Elva Mórnos har sitt utspring i fjellet. Frå toppen av fjellet kan ein sjå nærliggande fjell som Vardoúsia i vest, det sørlege Fthiótida, inkludert Sperkhiósdalen og Maliábukta, som ein berre kan sjå i klårvêr, fjella Kallídromo og Parnassós i aust og Ámfissadalen og Itéabukta i sør, og på klåre dagar kan ein sjå heilt til Korintbukta.
Næraste stader[endre | endre wikiteksten]
- Ajía Evthymía
- Athanásios Diakós, nordvest
- Kaloskopí, nord
- Kastéllia, nordaust
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Giona (mountain)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2007.