Fokída

Koordinatar: 38°30′N 22°15′E / 38.500°N 22.250°E / 38.500; 22.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Fokída
Περιφερειακή ενότητα Φωκίδας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Hellas
Hovudstad Ámfissa
Folketal 36 199 (2021[1])
Areal 2 120 km² Rangering 32
Folketettleik 17/km²
Kommunar 2
Postnummer 33x xx
Retningsnummer 226x0, 26340
Bilnummer AM
Heimeside www.fokida.gr

Fokída (gresk Περιφερειακή ενότητα Φωκίδας, Periferiakí enótita Fokídas), i antikken og på katharevousa kalla Fokis (Φωκίς), er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Hellas.[2] Hovudstaden er Ámfissa. Ho grensar til Etoloakarnanía i vest, Fthiótida i nord og Viotía i aust. I sør ligg Korintbukta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I antikken dekte Fokída eit areal på om lag 1 619 km² og grensa i vest til Ozolisk Lokris og Doris, i nord til Opuntisk Lokris, i aust til Viotía og i sør til Korintbukta. Det massive fjellet Parnassós (2 459 m) går gjennom sentrale område av landet og deler det inn i to område.

Det moderne Fokída har eit areal på 2 120 km², der 560 km² er skogkledd, 36 km² er sletter og resten fjellandskap.[3]

Fokída var ikkje rik på mineral eller hadde ei god plassering for handel. Ingen store byar voks opp i området og dei største stadane var hovudsakleg strategisk viktige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den persiske invasjonen i 480 fvt. gjekk fokiarane først inn i nasjonen sitt forsvar, men med den vinglete åtferda deira under slaget ved Thermopylae mista dei denne posisjonen for grekarane. Under slaget ved Plataea gjekk dei derfor inn på persarane si side. Sparta gjorde forsøk på å utvide området sitt til kjelda av Kefissos (Kifisós) i området Doris. Spartanarane prøvde òg å erobre Délfi i 448 fvt., men fokiarane gjenerobra heilagdomen med hjelp frå Aten, som dei hadde vorte allierte med i 454 fvt. Då atenarane fekk svekka makta si, svekka det òg denne alliansen, og under peloponnesarkrigen vart Fokída formelt ein alliert av Sparta og mista kontrollen sin over Délfi.

På 300-talet fvt. var Viotía ein konstant trugsel for Fokída. Etter at Fokída hjelpte Sparta med å invadere Boiotia under Korintkrigen (395–394 fvt.) måtte dei få hjelp av Sparta til å forsvare seg i 380 fvt., men vart etter kvart kasta ut då makta til Theben (Thíva) auka. Den fokiske hæren tok del i åtaket på Peloponnes i lag med Epaminondas, bortsett frå det siste felttoget Mantinea ([370–362 fvt.). Som svar på at dei ikkje deltok starta thebarane ein religiøs krangel mot sine naboar, som enda med strafferesolusjonar mot dei ved den amfiktyoniske synoden (356 fvt.). Fokiarane, leia av generalane Filomelos og Onomarkhos, svarte med å erobre Delfi og nytta rikdomane her til å leige ein hær med leigesoldatar. Med hjelp av desse troppane tok Det fokiske forbundet krigen inn i Viotía og Thessalía, men vart driven bort frå sistnemnde av Filip II av Makedonia. Likevel klarte dei seg i ti år til før tempelskattane tok slutt og dei kom inn under Filip sitt styre. Han krevde at tempelrikdomen skulle betalast tilbake og at folkesetnaden skulle spreiast i opne landsbyar, men desse krava vart ignorert. I 339 fvt. byrja Fokiarane å gjenoppbygge byane sine og året etter kjempa dei mot Filip ved Khaeronea. I 323 fvt. tok dei del i den lamiske krigen mot Antipater, og 279 fvt. hjelpte dei å forsvare Thermopylae mot gallarane.

Etter dette høyrer ein lite om Fokída. På 200-talet fvt. vart dei ein del av Makedonia og Det aitoliske forbundet. Under styret til Den romerske republikken vart det nasjonale forbundet oppløyst, men vart innsett igjen av Augustus, som òg gav Fokída stemmerett i det delfiske amfiktyoniet, som dei hadde mista i 346 fvt. Siste gong ein høyrer om Det fokiske forbundet var under Trajan.

Fokída i dag[endre | endre wikiteksten]

Fokída er i dag ei periferieining med Ámfissa, tidlegare kalla Sálona, som hovudstad. I 2001 hadde periferieininga opp under 50 000 innbyggjarar, og er ei av dei minst folkesette periferieiningane i Hellas.[4] Om sommaren doblar nesten folketalet seg på grunn av turismen i området.[3]

Dei fleste landsbyane ligg i sør, sørvest og i vest, særleg i områda mellom Ámfissa og Itéa. Mykje av områda i sør og aust er avskoga, steinete og fjellkledd, medan dalane går frå Itéa og opp til Ámfissa. Dei vestlege områda er frodigare.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Fokída eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer
Fokída Dorída Evpálio 330 56
Lidoríki 330 53
Tolofóna 330 58
Vardoúsia 330 61
Delfí Ámfissa 331 00
Delfí 330 54
Desfína 330 50
Galaxídi 330 52
Graviá 330 57
Itéa 332 00
Kalliís 330 63
Parnassós 330 51

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[5] Folketal 2021[1]
Ámfissa Delfí 6 919 6 334
Itéa Delfí 4 362 4 546
Galaxídi Delfí 2 011 1 761
Desfína Delfí 1 824 1 567
Kírra Delfí 1 385 1 392
Polýdrosos Delfí 1 125 1 014
Evpálio Dorída 707 798
Eratiní Dorída 856 757
Delfí Delfí 854 835
Malandríno Dorída 681 679

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2021
  2. 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. 3,0 3,1 Historie, arkivert frå originalen 4. april 2007, henta 4. september 2007 
  4. Informasjon om Fokída, arkivert frå originalen 4. april 2007, henta 4. september 2007 
  5. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

38°30′N 22°15′E / 38.500°N 22.250°E / 38.500; 22.250