Vasco da Gama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vasco da Gama
Retrato de Vasco da Gama.png
Fødd 3. september 1469
Sines
Død

23. desember 1524
Kochi

Vasco da Gama på Commons

Vasco da Gama (fødd i Sines i 1469?, død i Cochin den 24. desember 1524), var ein portugisisk oppdagar. Han er kjend for å vera den første som reiste sjøvegen frå Europa rundt Afrika og til India.

Vasco da Gama blei vald ut som leiar for ein ekspedisjon på fire skip send ut av kong Manuel I av Portugal. Flåten la ut frå Tejo i juli 1497. Straks over nyttår kom han fram til Malindi på austkysten av Afrika. Her fekk Gama fatt i ein los som førte skipa til Calicut (dagens Kozhikode) i sørvestlege India. Ekspedisjonen blei vennleg teke imot av den indiske fyrsten (zamorinen) der, men da Gama oppnådde ikkje nokon handelsavtale. Ekspedisjonen drog til Anjediva-øya før dei prøvde å kryssa Det indiske havet att. Turen tilbake i motvind tok 132, og skipa kom tilbake til Malindi 7. januar 1449 i særs dårleg forfatning. Da Gama kom endeleg tilbake til Portugal 29. august 1499. Han hadde med nok pepar til å betala for heile reisa, og blei gjeven ei ærerik mottaking. I desember blei da Gama gjeven heimbyen Sines av kongen, noko som var problematisk ettersom han tilhøyrde Santiago av sverdet-ordenen.

Allereie i 1500 blei ein ny flåte send til India under kommando av Pedro Álvares Cabral for å skipa ein handelsstasjon i Calicut. Etter at det oppstod konflikt med dei lokale arabiske kjøpmannslauga, blei opptil 70 portugisarar drepne i opptøyar. I 1502 blei Gama send ut med 10 fartøy for å hemna hendinga. Han kom til Calicut, bombarderte byen og massakrerte mange av innbyggjarane. Så reiste han til Cochin (dagen Kochi), og slutta ein traktat med fyrsten der. Han kom tilbake til Europa i 1503 med ein verdifull last. I 1524 blei da Gama utnemnd til visekonge av (portugisisk) India. Han døydde i Cochin same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]