Vasilij Kaptjukh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasilij Kaptjukh
Statsborgarskap Kviterussland, Sovjetunionen
Fødd 27. juni 1967
Maladzyechna
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Vasilij Borisovitsj Kaptjukh (fødd 27. juni 1967) er ein kviterussisk tidlegare diskoskastar. Han vann den olympisk bronsemedaljen i øvinga i 1996 og to bronsemedaljar frå verdsmeisterskap i friidrett, 1995 og 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kaptjukh var ein av verdas beste diskoskastarar i ein 15 årsperiode frå 1990. Han representerte Sovjetunionen då han vart fjerdemann i diskostevlinga ved europameisterskapen 1990 i Split, sidan tevla han for Kviterussland. Både i Friidretts-VM i Göteborg i 1995 og under Sommar-OL i Atlanta året etter vart Kaptjukh bronsemedaljør, i begge meisterskapane bakom verdsmeister og olympiameister Lars Riedel, og sin eigen landsmann Vladimir Dubrovsjtsjik. Under sommarleikane 2000 i Sydney presterte Kaptjukh sitt livs lengste diskoskast, med 67,59 meter enda han på fjerdeplassen. I 2003 vann han si andre VM-bronse, medan han i Aten-OL 2004 enno ein gong vart nummer fire.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]