Lars Riedel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Riedel


Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 28. juni 1967 (56 år)
Zwickau
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 2004

Lars Riedel (fødd 28. juni 1967) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Zwickau, som tevla i diskoskasting. Han er ein av dei beste diskoskastarane nokon gong. Riedel vart verdsmeister i øvinga heile fem gongar mellom 1991 og 2001 og vart elles olympisk meister under OL 1996 i Atlanta, og europameister i 1998. Gjennom 11 sesongar tok han i dei store meisterskapane i alt sju gull, eitt sølv og ein bronse i diskosøvinga. Hans personlege rekord er på 71,50 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Riedel voks opp i landsbyen Thurm ved Zwickau. Frå han var seksten år gammal var han medlem av SC Karl-Marx-Stadt, og deltok 1986 i junior-EM der han enda på fjerdeplass. Den 199 cm høge og 110-115 kilogram tunge ausstyskaren deltok seinare i EM i friidrett 1990, utan å nå finalen. Ved samanbrotet for DDR-staten mista trenaren hans jobben, og Riedel, som arbeidde som betongfagarbeidar, slutta nærast å trene diskoskast.

Etter å ha kome i kontakt med Karlheinz Steinmetz, hadde Riedel stor framgang og fekk sin fyrste store triumf då han seinsommaren 1991 vart verdsmeister i diskoskast i Tokyo. Han forsvarte VM-tittelen både i 1993, 1995 og 1997. Inn i mellom VM-gulla vart han olympisk meister i 1996. Den 3. mai 1997 kasta han i Wiesbaden sitt aller lengste diskoskast, eit kast som målte 71,50 meter.

I europameisterskapane i friidrett lukkast Riedel ikkje like godt som i VM-samanheng. Han vann i 1998 sin einaste EM-medalje då han vart europameister framom landsmannen Jürgen Schult. Etter å ha fått VM-bronse i 1999 og OL-sølv i 2000, kom Riedel tilbake på toppen då han vart verdsmeister i Edmonton i 2001. Med 69,72 meter fekk han opp sitt lengste meisterskapskast nokon gong.

Riedel vann elleve tyske meisterskap i diskoskast. Han la ikkje opp før etter 2007-sesongen, men var dei seinare åra jamt plaga med ryggen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]