Vassild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassild
Vassild
Vassild
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Argentiniformes
Familie: Vassildfamilien Argentinidae
Slekt: Argentina
Art: Vassild A. silus
Vitskapleg namn
Argentina silus

Vassild (Argentina silus), òg kjend som kvitlaks, stavsild, stokksild og gullaks, er ein beinfiskart i vassildfamilien.

Vassilda har skjel som er takka i kanten, og ein farge som gjer han lik sild, og har ei slik ryggfinne som gjer at han liknar laksefisk. Augo er store, mykje større enn på straumsild (Argentina sphyraena), som er ein djupvass-slektning som vassilda lett kan forvekslast med. Lengda kan verte opp til 70 cm, men er vanlegvis ikkje meir enn halvmeteren. Då vassilda veks særs seint, kan ein rekne med at ein halv meter lang fisk er ikring tjue år gamal. Han lever pelagisk (i dei frie vassmassane) på djupt vatn utanfor heile kysten av Noreg og inne i fjordane, og elles i det nordlege Atlanterhavet. Kjøtet er feitt og ikkje heilt fast, og har ein syrleg ange som kan minne om agurk, og mange tykkjer det er godt på smak. Fisken er ikkje rekna for å vere ein god matfisk, og er ikkje i vanleg sal som fersk eller fryst. Han har likevel næringsverd og vert mykje nytta i fiskematproduksjonen, som til fiskepudding og fiskebollar. I slike samanhengar går han helst under namnet «kvitlaks» eller «kvitfisk» på innhaldsdeklarasjonane.

I motsetnad til dei fleste djupvassfiskar ser det ikkje ut til at vassilda tek skade av trykkendringane ho vert utsett for ved å verte fiska. I den seinare tida har sportsfiske av vassild ikkje vorte uvanleg, og då kan fisken setjast ut att utan problem, slik mange gjer under sportsfiske (såkalla «fang og slepp»-metode).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vassild