Vatne i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vatne i Gulen is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Vatne i Gulen
Vatne
Foto: Bjarne Thune
Vatne
Foto: Bjarne Thune
Vatne
Foto: Bjarne Thune
Vatne
Foto: Bjarne Thune
Vatne
Foto: Bjarne Thune

Vatne er ein stad i Gulen kommune i Vestland. Vatne ligg på vegen frå Rutledal til Dingja søraust for Sygnefest. Vatne ligg ved ei lita tjørn som det renn fleire småbekker ut i. Frå tjørna renn det ei elv ned til Dingevatnet. Vatnet ligg omkring 115 meter over havet og er verna mot vind og vêr av Riseheiane og andre fjellrygger. Difor veks skogen frodig her sjølv om det er nær Sognesjøen og havet.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Vatne har fått namn etter den vesle tjørna, Vatne-tjønna. Namnet vert uttalt va'ttne. Det vart skrive Vatne i 1603, Wadtne i 1611 og Watne i 1723. Namnet er ei dativform.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert når folk busette seg på Vatne, men ei segn fortel at Vatningene var med på å vakta veten på Gråfjellet, no kalla Brosviksåta, frå først av. Vetane vart reiste på Håkon den godesi tid. I fjellet opp mot Gråfjellvarden er det merke etter gamle stølar. Etter 1825 var det mykje stølsdrift her. Stølane ligg på ein grøn voll med eit lite vatn omkring 400 meter over havet. Sela som står der no er frå 1900.[2]

Vatningane har hatt kvernhus og male kornet sitt ved den vesle elva. No er det berre att ein kløyvd kvernstein.[3]

Vatningane skal ha vore plaga av ulv og bjørn som herja i buskapen. Namn som Bjørndalen, fortel om dette. Det har også vore vilt som til dømes hjort i skogane, og her finst namn som Dyregrov, Dyreknolten og Hjartås som betyr hjorteåsen.[4]

Sjølv om Vatne er ein innlandsdal, så har folket vore knytt til havet. Dei har hatt båtnaust og båtar i Sygnefest. Vatne fekk veg til Sygnefest i 1935 og til Brosvik i 1968. Elektrisk straum fekk dei i 1957.[5] Folk på Vatne var aktivt med i vegbygging, og dei kjøpte ein kompressor som vart brukt til bygging av vegen Vatne-Brosvik.[6]

Gardar[endre | endre wikiteksten]

Den første brukaren på Vatne kan ha vore Baltzer Wadtne i 1611. Han hadde garden fram til 1657, då vart han delt i to bruk, Øvre og Nedre Vatne. I 1882 vart det teke unna eit stykke under Svefjellet som fekk namnet Nore-Svea og som vart skilt ut som eige bruk. Det fjerde bruket, Fjellheim vart utskilt i 1890 og bestod av eit utmarksstykke kalla Myra. I 1920 vart Bjørkheim skilt ut som eige bruk.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 130
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 130
  3. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 130
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 131
  5. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 131
  6. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 135
  7. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 140

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996