Vaxholm
| Vaxholm | |||
| Øy og tettstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| län | Stockholms län | ||
| Kommune | Vaxholm kommun | ||
| Koordinatar | 59°25′N 18°19′E / 59.417°N 18.317°E | ||
| Areal | 1,64 km² | ||
| Folketal | 4 857 | ||
![]() Vaxholm 59°24′16″N 18°19′55″E / 59.404321035021°N 18.331925530771°E | |||
| Wikimedia Commons: Vaxholm | |||
Vaxholm er ein by og kommunesenter i Vaxholm kommun i Stockholms län i Sverige. Han ligg i Stockholms skjergard. Namnet Vaxholm kjem frå Vaxholm slott, som vart bygt i 1549 på ein holme ved innløpet til Stockholm av kong Gustav Vasa.
Av historiske årsaker har Vaxholm alltid vorte kalla ein «stad» (by), trass i at han har hatt få innbyggjarar. I 2010 budde det 4857 innbyggjarar her. Vaxholm kommun vert derfor ofte kalla Vaxholms stad og omfattar 64 holmar i skjergarden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Byen Vaxholm vart grunnlagd i 1558, då kong Gustav Vasa kjøpte nokre gardar her frå grev Per Brahe den eldre. Han fekk seinare rettar som kjøpstad (köping) og i 1652 fekk han kongeleg privilegium.
På 1800-talet voks byen lite. I 1880-åra vart han ein populær kurstad og det vart bygd mange sommarhus her av folk frå Stockholm.
Det var først i 1912 at ein tillegg husa i byen å verte bygd frå andre material enn tre, noko som har gjeve byen ein særeigen utsjånad.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]
- Norrskär, ein klassisk Waxholmsbåt
- Vaxholms kastell
- kyrkja
- Vaxholms Norrhamn
- Den provisoriska klockstapeln
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vaxholm» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vaxholm - offisiell nettstad
- Biletgalleri Arkivert 2010-07-09 ved Wayback Machine.
7


