Veobrean

Koordinatar: 61°35′07″N 08°30′02″E / 61.58528°N 8.50056°E / 61.58528; 8.50056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veobrean
isbre
Område Jotunheimen
Areal km²
Koordinatar 61°35′07″N 08°30′02″E / 61.58528°N 8.50056°E / 61.58528; 8.50056
Kart
Veobrean
61°35′07″N 8°30′02″E / 61.585278°N 8.500556°E / 61.585278; 8.500556

Veobrean (Veobreen) er ein isbre i Jotunheimen i Lom kommune i Innlandet. Han ligg mellom Store Memurutindan og Leirhøe. Like sør for Veobrean ligg Austre Memurubreen og i sørvest ligg Hellstugubreen. Nunataken Veobreatinden stikk opp av breen til ei høgd på 2188 meter over havet.

Breen har eit areal på 9 km² og er den 33. største isbreen på det norske fastlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]