Vera kyrkje
Utsjånad
| Vera kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Henny Stokseth | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Stiklestad | ||
| Sokn | Vera | ||
| Fellesråd | Sør-Innherad | ||
| Type | langkyrkje | ||
| Teknikk | tømra | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 1899 | ||
| Takryttar | over vestre enden av skipet | ||
| Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
| Preikestol | frå 1899[1] | ||
| Døypefont | frå 1955[1] | ||
| Altartavle | frå 1899 av Samuel Tveit[1] | ||
| Sitjeplassar | 75[1] | ||
![]() Vera kyrkje 63°48′07″N 12°20′48″E / 63.8019°N 12.3468°E | |||
| Wikimedia Commons: Vera kapell | |||
Vera kyrkje, tidlegare Vera kapell og Væren kapell, er ei langkyrkje frå 1899 i fjellbygda Nord-Vera aust i Verdal kommune i Trøndelag fylke.
Kyrkja er bygd i tømmer og har sitjeplassar til 75 personar.[1] Inventaret er frå byggeåret eller seinare.
Bygget vart tidlegare også nytta som skule for bygda.
Det er gravplass sørvest for kyrkja.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altartavla er frå 1899 og er laga av Samuel Tveit. Ho har Jesus og lammet som motiv.[1] Preikestolen er også frå 1899 og er laga av ein lokal snikkar.[1] Døypefonten er i tre og vart laga av Hans Eng i 1955.
Kyrkjeklokke
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har ei klokke. Ho er frå 1899 og er laga ved Øren Metallstøperi. På klokka står det: «Gave fra Værdalsbruget».
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 7 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Vera kapell». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 226. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Vera kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Om Vera kapell på nettstaden til Verdal historielag Arkivert 2012-03-11 ved Wayback Machine.
- Vera kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Nord-Trøndelag
