Verkland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verkland
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Postnummer 5961 BREKKE[1]
Preposisjon Verkland

Verkland er ei grend i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg øvst i dalen som fører opp frå austenden av Yndesdalsvatnet. Fv2 går gjennom bygda.

Matrikkelgarden Verkland er slektsgarden til Wergeland-slekta. I 1975 vart det reist ein bauta på Verkland til minne om Henrik Wergeland.[2]

Basert på førstelekken kan namnet ifølgje Oluf Rygh tyde «Land, hvorpaa der er lagt meget arbeide»[3]. I si utgreiing under avdukinga av Wergeland-bautaen nemnde Hans Wergeland at viss ein ser namnet i samanheng med to andre stadnamn på garden, Smedsdalen og Ulsterhaugen («ulster» = «blåster» eller «trekk») kan førstelekken «verk» ha samanheng med utvinning av jarn, noko som igjen kan tyde på at det i tidlegare tider har vore drive utvinning og tilverking av jarn på Verkland.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart». Posten.no. Henta 12. november 2010. 
  2. 2,0 2,1 Hermund Kleppa (2001): «Wergeland-støtta på Verkland», Sogn og Fjordane fylkesarkiv
  3. Oluf Rygh: Norske Gaardnavne, Nordre Bergenhus Amt, Lavik og Brekke Herred, nr.54, Kristiania 1919