Verma stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verma stasjon

Foto: Anders Beer Wilse (1924)

Stasjonsområde
Stad Verma
Distanse 418,09
Opna 25. november 1923
Arkitekt NSB Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Overgang
Kart
Verma stasjon

Verma stasjon er ein jernbanestasjon utan passasjertrafikk på Raumabana i bygda Verma i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Verma ligg om lag 35 kilometer aust for Åndalsnes.

Stasjonen opna i 1923 og var endestasjon i eitt år inntil Raumabana opna til Åndalsnes. Verma vart ubemanna i 1970, men stasjonen vert framleis bemanna viss det er behov for ekstra kryssingar. Stasjonen mista passasjertrafikken på 1990-talet.

Stasjonsbygninga[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad, og var av "Type for Raumabanen", den same bygningstypen som til dømes Bottheim, Lora og Lesjaskog.

Verma stasjon anno 2011
Foto: Jan-Tore Egge

Bygninga er reist i lafta tømmer og kledd med liggjande trepanel. Gavlane har ståande vekselpanel. Døra til venterommet og gavlvindauga er ramma inn med ormantikk i nyrokokko. Bygninga har skifertekt saltak. Ekspedisjonsrommet er bygd ut mot plattforma med plass for innvendig stillverk. Fyrste etasje hadde venterom, ekspedisjonslokalar og telegrafistrom, med godshuset i ei sidefløy. Andre etasje hadde ein bustad med inngang frå baksida og overnattingsrom for beteninga. Bygninga fekk vannklosett rundt 1960, og privétbygninga vart riven. I 1976 vart ein del av venterommet teken i bruk som kvilerom og garderobe for baneavdelinga.

Annan infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

På Verma var det óg ein provisorisk lokomotivstall (riven), svingskive, vedbu, privétbygning (riven), kvilerom og dresinbu (rivne i etappar frå 1990-talet til om lag 2010), samt Ormheim vaktarbustad. Ormheim var ei anleggsbrakke som vart flytta til staden, og hadde tidlegare vore ingeniørbolig og landhandel.

Kryssingssporet på Verma er 288 meter langt. Det fans spor til lokstallen og gjennomgåande rampespor til godsrampa. Rampesporet er forkorta og ikkje lenger gjennomgåande, men framleis i bruk i 2024.

Kulturminnet[endre | endre wikiteksten]

Verma stasjon er i umiddelbar nærleik til landemerket Kylling bru.

I følge NSB si bygningsregistrering fra 1981 var stasjonsbygninga "i god stand" og med middels verneverdi. [1]

Den landsomfattande "Verneplan for jernbanebygninger" (1993) foreslo å verna Lesjaverk stasjon, men etter at NSB nekta vart Verma stasjon foreslege av Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal, noko som styringsgruppa tok inn i planen. Vernet vart vedteke av Riksantikvaren i 1997. Årsaka var at stasjonstypen representerar fleire stasjonar som er lokalt tilpassa Raumabana, nærleiken til Kylling bru og minnesteinane fra opninga utanfor stasjonsbygninga.[2]

Stasjonsmeistarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1923–1924: Halvdan Odmund Lie
  • 1924–1929: Peder Jørgensen
  • 1929–1933: Engebret Skjæret
  • 1933–1940: Einar Holland
  • 1940–1949: Rolf Eliassen
  • 1949–1951: Bjarne I. Andersen
  • 1951–1956: Kristian A. Gulbrandsen
  • 1956–1961: Gunnar E. Ødegård
  • 1961–1963: Odd Erling Skjøsvoll
  • 1963–1970: Hans E. Kolstad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 22–27. 
  2. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert 1993. s. 43. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]