Verner Panton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Verner Panton
Verner Panton (1996) by Erling Mandelmann.jpg
Fødd 13. februar 1926
Gamtofte sogn
Død

5. september 1998
København

Verner Panton på Commons

Verner Panton (13. februar 19265. september 1998) var ein dansk møbelformgjevar og interiørarkitekt. Han laga nyskapande og futuristisk formgjeving i sterke fargar og i ulike materiale, særleg i plast. Formgjevinga hans vert ofte opplevd som svært «60-tal» med samband til optisk kunst og pop-kunst. Fleire av dei mest kjende møblane han formgav er framleis i produksjon i dag.

Panton var fødd i Gentofte. Han vart utdanna ingeniør i Odense, deretter studerte han ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. Dei første to åra av karrieren (1950–1952) arbeidde han hjå Arne Jacobsen, der var han mellom anna med i arbeidet med stolen Mauren. Panton opna sitt eige teiknekontor i 1955. Mot slutten av 1950-talet byrja stolane han formgav å verte meir og meir ukonvensjonelle, utan bein eller klart utskild rygg. I 1960 formgav Panton den aller første heilstøypte injeksjonsforma plaststolen, Stacking chair eller S stolen, som vart det mest kjende og masseproduserte produktet hans.

På 1960-talet og i byrjinga av 1970-talet eksperimenterte Verner Panton med å formgje heile miljø, radikale og psykedeliske interiør med eigne bølgjande møblar, veggpolstringar, tekstilar og ljossetting. Allereie i 1960 innreidde han ein restaurant for Hotell Astoria i Trondheim, men interiøret vart teke ned att allereie etter tre år. Grunnen skal ha vore at det var for moderne og mørkt til å falle i smak i Trondheim då.

Panton døydde i København.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]