Versaillestraktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Versaillesfreden)
The Signing of the Peace Treaty of Versailles

Versaillestraktaten av 1919 er fredsavtalen som førte til den offisielle slutten på første verdskrigen.[1] Traktaten var resultatet av ein seks månader lang fredskonferanse i Paris. Han blei ratifisert den 10. januar 1920 og kravde at Tyskland tok på seg ansvaret for krigen og dermed var pliktig til å betala store krigsskadeerstatningar til dei andre krigsdeltakarane. Likt med mange andre traktatar er også denne kalla opp etter staden han blei underteikna på: Spegelsalen i Versaillespalasset.

Traktaten førte til danninga av Folkeforbundet, ei viktig målsetjing for den amerikanske presidenten Woodrow Wilson. Føremålet med organisasjonen var å mekla i konfliktar mellom nasjonar før dei gjekk til krig.

USA ratifiserte aldri traktaten. Vala i 1918 gav Republikanarane kontrollen i Senatet, og dei blokkerte ratifiseringa to gonger. Dei ville heller ha isolasjonisme og gjekk imot Folkeforbundet. Som eit resultat gjekk aldri USA inn i Folkeforbundet, og landet forhandla da seinare fram ein separat fredsavtale med Tyskland: Berlin-traktaten av 1921 som stadfesta krigsskadererstatningane og andre delar av Versailles-traktaten, men eksplisitt ekskluderte alle artiklar som var relatert til Folkeforbundet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brazier, Eirik (25. januar 2023). «Versailles-traktaten». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.