Vestmannen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Vestmannen (fleirtyding).

Vestmannen var eit kultur- og målpolitisk blad, redigert på høgnorsk. Bladet er gjeve ut frå 1985, og kom fram til år 2002 ut med 10 nummer um året. Frå 2002 av kjem bladet ut med seks nummer for året, og seinare endå meir sporadisk fram til den siste utgåva som kom hausten 2009. Utgjevaren var Vestmannalaget i Bergen og den siste bladstyraren Kjell Kjerland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vestmannen vart grunnlagd av Jostein Krokvik i 1985.[1] Krokvik var bladstyrar fram til 2000 då han fekk avløysing av Lars Bjarne Marøy.[2] Ved årtusenskiftet braut det ut ein hardsett strid i Vestmannalaget som byrja med at Lars Bjarne Marøy vart avsett som formann i Vestmannalaget og deretter som bladstyrar for Vestmannen. Grunngjevinga styret kom med for å avsetja Marøy var mellom anna at den tidlegare formannen Ludvig Jerdal hadde kritisert bladet for å vera for lite fokusert på det indre livet i Vestmannalaget.[3]

Etter at Marøy var avsett, vart utgjevingsruta kutta ned frå 10 nummer i året til seks nummer årleg og Krokvik sett inn att som bladstyrar. Avsetjinga av Marøy førte til ei varig kløyving i høgnorskrørsla der tidlegare skribentar og medarbeidarar i Vestmannen braut ut og gjorde opptak til det målpolitiske tidsskriftet Målmannen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]