Målmannen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Målmannen».
Målmannen
TypeTidsskrift
(Fire nummer årleg)
Første trykk2002
MålformHøgnorsk
EigarskapSamorganet Målmannen
RedaksjonskontorNjårds veg 10
Postnummer2214
StadKongsvinger
Ansvarleg redaktørOlav Torheim  (2006)
ISSN1503-2469
LaussalprisBerre tinging / Prøvenummer fritt
Nettstadhttp://maalmannen.sambandet.no

Målmannen er eit målpolitisk tidskrift som vert redigert på høgnorsk. Utgjevar er Samorganet Målmannen. Bladstyrar er Olav Torheim.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Dei som står attom Målmannen meiner bladet har ei særgjerning i å setja søkjeljos på språklege emne med fylgjer for den norske målreisinga. Etter deira syn trengst det ordskifte og eit auka medvit om dei grunnleggjande spørsmåla i målsaka. Dei meiner òg at det er viktig å syna det høgnorske målet i bruk, i stykke og innlegg av meir ålmennkulturelt slag.

Den tradisjonelle nynorsken frå 1917 er ikkje so mykje nytta i den norske ålmenta, og Målmannen meiner det lyt gjerast ein innsats for å halda oppe ein levande høgnorsk skrifttradisjon. Målmannen er meint å vera «ei rettleiding for deim som ynskjer å odla skriftmålet sitt i norsk leid».

Redaksjonell profil[endre | endre wikiteksten]

27. januar 2006 vart to av redaksjonsmedlemene intervjua i radioprogrammet Sånn er livet. Her slo dei fast at dei ser det som viktig å fremja nynorsk på nye felt, og at målreisinga er like mykje ei praktisk oppgåva som eit spørsmål om ideologi og politikk. Dette speglar seg att i bladet sin profil, som dei siste åra har teke føre seg både historiske, politiske, litterære, religiøse og naturvitskaplege emne, jamvel om norsk målreising framleis er den raude tråden i bladet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bladet Målmannen er fostra av arbeidet med Vestmannen, bladet åt Vestmannalaget i Bergen. Frå 1985 til 2002 kom bladet ut med 10 nummer i året.

Jostein Krokvik gjekk av som bladstyrar for Vestmannen i 2000 og overlét til Lars Bjarne Marøy å driva bladet vidare. Marøy hadde som intensjon å gjera Vestmannen til eit leiande målpolitisk tidskrift. Med Marøy som bladstyrar gjekk Vestmannen gjennom ein fornyingsprosess der nye skribentar og medarbeidarar kom med i bladet. Marøy og medarbeidarane hans ville vektleggja artiklar med fagleg tyngd og tona ned profilen som meldingsblad for Vestmannalaget.

Etter at det vart klårt at Marøy si lina hadde lide nederlag i Vestmannalaget, vart det gjort opptak til å skipa eit nytt blad som kunne føra vidare det arbeidet som Marøy og medarbeidarane hans hadde lagt ned i Vestmannen. Eit nytt blad, Målmannen, vart difor skipa med stønad frå Halldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking. Det fyrste nummeret av Målmannen kom ut i september 2002.

Bladstyrar for Målmannen har vore Olav Torheim, med unnatak for 7 nummer i perioden 2003 til 2005 som vart redigerte av Klaus Johan Myrvoll. Frå og med nummer 2/2005 var Torheim attende som bladstyrar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]