Vette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Vette er nytta i folkloristikken som eit samlande omgrep for alle slag naturmytiske vesen og underjordiske. Etymologisk tyder det det same som vesen.

Ulike slag vette er alvar, dvergar, troll, tusser, haugfolk og andre. Demonar av ulike slag kan òg koma inn under omgrepet.

På nynorsk og tradisjonelt i folkeminnegranskinga er vette inkjekjønn, «eit vette» (som i vesen). På bokmål vert ordet ofte bøygd i hankjønn.