Nobelprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det norske Nobelinstitutt i Oslo.

Nobelprisen (svensk: Nobelpriset) er ei utmerking ein gjev kvart år til dei fremste personane innan kjemi, fysikk, medisin, litteratur og fredsarbeid. Prisen omfattar ein medalje, eit diplom og ein større sum pengar, men æra er nok likevel det viktigaste. Nobelprisen vert rekna som ei av dei høgaste utmerkingane ein kan få innan kvart av desse felta.

Den svenske kongen delar ut alle prisane bortsett frå fredsprisen, som vert gjeven av den norske kongen. I nyare tid er det òg kome til ein økonomi-pris til Alfred Nobel sitt minne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var Alfred Nobel, den styrtrike oppfinnaren av dynamitt, som stifta Nobelprisen i testamentet sitt. I retningslinjene sine sa han at prisen skulle delast ut på dødsdagen hans kvart år. Dei som hadde gjort mest nytte for menneskja innan dei ulike felta det siste året skulle få prisen, fem like store delar av rentene på formuen hans. Meininga med prisen var å støtta vinnarane i det vidare arbeidet deira.

Det uventa testamentet til Nobel vekte motstand, både blant slektningar som ikkje fekk arva si, og i aviser der ein kritiserte idéen bak prisen. Til og med institusjonane som hadde fått i oppgåve å peika ut nobelprisvinnarane hadde kritiske innvendingar. Nasjonalistiske kjensler vart også blanda inn: I ei tid då Noreg og Sverige levde i eit spent unionstilhøve, var det få svenskar som likte at det norske Stortinget fekk ansvaret for fredsprisen.

Utdelinga fann likevel stad, første gongen i 1901 i det kongelege musikkakademiet i Sverige. Prissummen var då 150 000 kroner (ca 7 millionar kroner i dagens verdi).

Kritikk av prisen[endre | endre wikiteksten]

Etter at den første kritikken stilna og prestisjen til Nobelprisen auka, har andre røyster reist seg imot måten prisen vert delt ut på. Dei to kåringane som er mest subjektive, Litteratur og Fred, vert kritisert nesten kvart år. Litteraturprisen vert skulda for å føretrekka menn og europearar, eller for å peika ut folk nesten ingen har høyrt om. Når det gjeld Fredsprisen har mange utdelingar vore svært kontroversielle, som regel fordi vinnarane er svært langt frå å vera pasifistar (til dømes Yasir Arafat eller Henry Kissinger). Også innan dei vitskaplege prisane finst det tilfelle der mange meiner viktige medhjelparar i ei oppdaging er blitt gløymde, medan andre fekk prisen. Lise Meitner og Rosalind Franklin er døme på dette.

Eit anna problem er at retningslinjene for alle nobelprisane, bortsett frå fredsprisen, seier at berre tre personar på det meste kan motta kvar av dei. I ei tid då mesteparten av forskinga vert utført som lagarbeid, er det vanskeleg å gje alle den æra dei fortener.

Medan fredsprisen som regel følgjer regelen om å æra dei som har arbeidd for fred i det siste året, vert dei andre prisane ofte gjeve på etterskot, for ei oppdaging gjort for mange år sidan eller for ein heil forfattarkarriere. Dette går imot Nobel sitt testamente, men er kanskje uunngåeleg, ettersom ein ofte ikkje ser kor viktig ei oppdaging er før lenge etterpå.

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Berre fire personar fått Nobelprisen to gonger:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]