Hopp til innhald

Victor Vernicos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victor Vernicos

Fødd23. oktober 2006 (17 år)
FødestadAten
FødenamnVictor Vernicos Jørgensen, Βίκτορ Βερνίκος Γιούργκενσεν
OpphavHellas
Aktiv2020–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

Viktor Vernikos Jørgensen (fødd 23. oktober 2006), kjend under artistnamnet Victor Vernicos, er ein gresk songar og låtskrivar. Han representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med sangen «What They Say».[1]

Vernicos blei fødd i Athen med dansk far og gresk mor. Han byrja med pianotimar som fireåring, songtimar som åtteåring og gitartimar som tiåring. Han byrja å skrive eigen musikk som elleveåring, og har skrive sin eigen musikk sidan 2021.[2] Same året gav han ut sin fyrste song, som han sjølv hadde skrive og produsert.[2][3]

Hausten 2022 opna den greske kringkastaren ERT for å sende inn bidrag til Eurovision Song Contest 2023, og Vernicos sende inn bidraget «What They Say».[4] Han blei vald ut som tre finalekandidatar, og 30. januar 2023 kunngjorde ERT at han skulle representere Hellas i Eurovision Song Contest i Liverpool.[5] Med sine 16 år er han den yngste deltakaren som har representert Hellas i tevlinga sidan landet debuterte i 1974.[6] Han blei nummer 13 i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[7]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2020 – «Apart»
  • 2021 – «Fake Club»
  • 2021 – «Hope It's in Heaven»
  • 2022 – «Youthful Eyes»
  • 2022 – «Mean To»
  • 2022 – «Out of This World»
  • 2022 – «Brutally Honest with You»
  • 2023 – «What They Say»

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. NDR. «Griechenlandwählt 16-jährigen Victor Vernicos für den ESC aus». www.eurovision.de (på tysk). Henta 10. februar 2023. 
  2. 2,0 2,1 Giagkinis, Ioannis (30. januar 2023). «Ο16χρονος Βίκτωρ Βερνίκος εκπρόσωπος της Ελλάδας στη Eurovision 2023». euronews (på gresk). Henta 10. februar 2023. 
  3. Falk, Simon (30. januar 2023). «VictorVernicos will sing "What They Say" for Greece at Eurovision 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  4. Pappas, Konstantinos. «ΕΛΛΑΔΑ: Τα εφτά τραγούδια που βρίσκονται στην τελική ευθεία για την Eurovision 2023!». OGAEGreece. Henta 28. desember 2022. 
  5. «Greece: Victor Vernicos joins the Eurovision 2023 lineup». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 10. februar 2023. 
  6. ertnews.gr, Συντακτική ομάδα (30. januar 2023). «Eurovision2023: Την Ελλάδα θα εκπροσωπήσει ο 16χρονος Βίκτωρ Βερνίκος με το τραγούδι «What they say»». ertnews.gr (på gresk). Henta 10. februar 2023. 
  7. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.