What They Say av Victor Vernicos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«What They Say»
Song av Victor Vernicos

Land Hellas
Språk Engelsk
Utgjeve 12. mars 2023
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap Panik Records
Komponist Victor Vernicos
Tekstforfattar Victor Vernicos
Låtskrivar(ar) Victor Vernicos Jørgensen

«What They Say» (norsk omsetjing ‘Kva dei seier’) er ein gresk song frå 2023 av og med den gresk-danske musikaren Victor Vernicos. Låten blei gjeven 12. mars 2023 og var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med den greske tv-kanalen Skai TV fortalde Vernicos at han skreiv og produserte «What They Say» som 14-åring. Songen blei skriven under nedstenginga i samband med koronapandemien, då Vernicos for fyrste gong i sitt liv opplevde å vere i ein svært stressa tilstand.[1]

Både han og faren meinte songen var den beste han hadde skrive til då. Vernicos sende låten inn til den greske kringkastaren ERT si tevling for å finne det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.[2]

I ei pressemelding frå plateselskapet til Vernicos, Panik Records, hyllar songen dei yngre generasjonar som «tør å drøyme og skape, trass vanskar».[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«What They Say» blei hausten 2022 send inn til ERT si tevling for å finne det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.

Gjennom ein utveljingsprosess i fleire ledd, blei Vernicos kunngjord som ein av tre finalistar 19. januar 2023.[4] Gjennom ei siste avrøysting frå eit sjåarpanel og ein fagjury blei Victor Vernicos og «What They Say» vald til vinnar, og dimed det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[5][6][7]

Hellas deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «What They Say» nummer 13 av 16, og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[8][9] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Hellas ikkje nådde ein Eurovision-finale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DailyPost (12. mars 2023). «Eurovision2023: Στον αέρα το τραγούδι της Ελλάδας- Αυτό είναι το επίσημο video clip του «What They Say» (video)». DailyPost.gr (på gresk). Henta 26. mars 2023. 
  2. «VictorVernicos: “Our stage presentation will be minimal”!». OGAE Greece. 6. februar 2023. Henta 26. mars 2023. 
  3. Tsinivits, Kyriakos (12. mars 2023). «Greece: Victor Vernicos releases his Eurovision 2023 song 'What They Say'». aussievision (på engelsk). Henta 26. mars 2023. 
  4. Argyriou, Giannis (19. januar 2023). «It'sthe final countdown: One of them will represent Greece at Eurovision 2023!». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 26. mars 2023. 
  5. «Greece: Victor Vernicos releases 'What They Say'». eurovision.tv (på engelsk). 12. mars 2023. Henta 26. mars 2023. 
  6. Falk, Simon (30. januar 2023). «VictorVernicos will sing "What They Say" for Greece at Eurovision 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 26. mars 2023. 
  7. ertnews.gr, Συντακτική ομάδα (30. januar 2023). «Eurovision2023: Την Ελλάδα θα εκπροσωπήσει ο 16χρονος Βίκτωρ Βερνίκος με το τραγούδι «What they say»». ertnews.gr (på gresk). Henta 26. mars 2023. 
  8. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  9. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.