Victoria Benedictsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Victoria Benedictsson
Victoria Benedictsson bild.jpg
Pseudonym Ernst Ahlgren
Fødd 6. mars 1850
Fru Alstads socken
Død

23. juli 1888
København

Yrke skribent
Språk svensk
Victoria Benedictsson på Commons

Victoria Maria Benedictsson (6. mars 185021. juli 1888), fødd Bruzelius, var ein svensk forfattar og dramatikar som skreiv romanane sine under pseudonymet og mannsnamnet Ernst Ahlgren. Ho vart fødd i grenda Domme i dåverande Skytts härad, som no er ein del av Trelleborgs kommun i Skåne, og døydde 38 år gamal for eiga hand i København i Danmark. Der er ho gravlagt på Vestre Kirkegård under namnet Ernst Ahlgren.

Victoria Benedictsson voks opp i grenda Domme, der foreldra hennar var jordbrukarar. Ho vart tidleg interessert i kunst, og gjekk i teneste som guvernante for få pengar til å kunne studere til kunstnar i Stockholm med godkjenning av faren, som seinare endra meining og nekta ho dette. For å kome seg unna foreldra sine, gifta ho seg 21 år gamal med ein 49 år gamal enkjemann med fem born, og fekk to døtrer med han, men den eine døydde allereie som spedbarn.

I 1882 vart ho sjuk og sengeliggjande, og det vart under sjukdomsperioden ho utvikla forfattarskapen sin. Ho debuterte i 1884 med novellesamlinga Från Skåne, og året etter kom romanen Pengar, som vart gjennombrotet hennar. Som så mange andre svenske forfattarar på 1880-talet fann ho så vegen til København, der den danske litteraturkritikaren Georg Brandes vart merksam på henne, og dei hadde ei stutt og ulukkeleg kjærleiksaffære i åra 1886-1888.

Sjølv om Victoria Benedictssons tid som forfattar vart kort, er ho rekna som ein av dei fremste av dei realistiske forfattarane i 1880-talets Sverige. I romanane tek ho opp ekteskapsproblematikk og aktuelle kvinnesakspørsmål. Debutromanen Pengar skildrar ei ung og umogen jente som vart overtala til gifte seg alt for tidlig med ein rik godseigar, men som med tida bryt ut av ekteskapet. I romanen Fru Marianne frå 1887 skildrar ho ei kvinne som vert slite mellom ektemannen Börje, som er ein heiderleg og praktisk bonde, og den kultiverte vennen Pål. Men soga endar ikkje her i skilsmisse som i romanen Pengar, men med framhald av samlivet i eit ekteskap kjenneteikna av likeverd og samforstand mellom ektefellane.

Skjønnlitteratur av Victoria Benedictsson[endre | endre wikiteksten]

  • Från Skåne. Stockholm: Fritze. 1884.
  • Final: skådespel i 3 akter. Stockholm: Hæggström. 1885.
  • Pengar: novell. Stockholm: Fritze. 1885.
  • Folklif och småberättelser. Stockholm: Beijer. 1887.
  • Fru Marianne: roman. Stockholm: Hæggström. 1887.
  • Berättelser och utkast. Stockholm: Hæggström. 1888.
  • Modern: en berättelse. Stockholm: Beijer. 1888.
  • Den bergtagna: en kärlekens tragedi. Stockholm: Hæggström. 1890.
  • Efterskörd. Stockholm: Hæggström. 1890.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Victoria Benedictsson