Viking Mestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viking Mestad
Fødd12. januar 1930
Evanger
Død15. desember 2013 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkejurist, politikar, bankier
BarnHenrik Mestad, Ola Mestad

Viking Mestad (fødd 12. januar 1930 på Evanger i Voss kommune, død 15. desember 2013)[1] var ein norsk bankmann, jurist, politikar (V) og teatermann.

Mestad var statssekretær i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i regjeringa Korvald frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.[2]

Han var også kommunestyrerepresentant i Oslo tidleg på 1970-talet.[3]

Mestad er cand.jur. med embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1955[4], og vart tilsett ved Noregs Bank i 1962. I 1986 fekk han stillinga som direktør for Hovedstyresekritariatet.[5] Han slutta i banken i 1995.[4]

Frå 1977 til 1997 var han styreformann ved Det Norske Teatret. Han var etterfølgd av Berge Furre.[6] To månader etter at han gjekk av som styreformann vart han utnemnd som heidersmedlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk teater- og orkesterforening. Han mottok også Heddaprisen.[7]

Mestad var fyrste styreformannen for Nynorsk Pressekontor.[8]

Han er far til skodespelaren Henrik Mestad.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på ei omsetjinga av «Viking Mestad» henta frå Wikipedia på engelsk 18. januar 2011. Der var desse referansane oppgjevne:

  1. ««Viking Mestad er død»». nto.no, nettstaden til Norsk Teater- og Orkesterforening. 17. desember 2013. 
  2. Statssekretærar på Regjeringen.no, innhenta 19. juli 2010.
  3. VG: «Oslo bystyre» 27, april 1971
  4. 4,0 4,1 Ottar Grepstad (2006). «Mestad, Viking». Viljen til språk : Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo: Det norske Samlaget. s. 170. ISBN 82-521-6654-7. 
  5. Aftenposten: «Eksportutsending Petter Johansen» 21. april 1986
  6. «Furre ny styreleder på Det Norske Teatret». Aftenposten. 28. april 1997. 
  7. «Heløe ny leder i NTO». Aftenposten. 20. juni 1997. 
  8. Ottar Grepstad (1998). Nynorsk faktabok 1998. s. 348. ISBN 82-91939-00-4. 
  9. Eriksen, Kirsten Osmo (25. mars 1995). «Vellykket liberaler». Nordlys.