Villach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtbyen i Villach

Villach (slovensk Beljak, italiensk Villaco) er den sjuande mest folkerike byen i Austerrike og etter Klagenfurt den nest største i forbundslandet Kärnten. Byen er med sine 61 662 ibuarar (2017) den mest folkerike i Austerrike som ikkje også er hovudstad i eit forbundsland. Landarealet er 134,9 km².

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Villach ligg i den vestlege delen av Klagenfurtsletta, der elvane Drava og Gail renn saman 11 kilometer nord om grensa til Slovenia. Sør om Villach går Karawankentunnelen, ei hovudferdselsåre mellom Austerrike og Slovenia. Byen er omkrinsa av ganske låge fjell (under 800 moh), med unnatak for Dobratsch (2 166 moh) i Villach-alpane 13 km vest om Villach.

Styring[endre | endre wikiteksten]

Villach er ein av dei femten byane i Austerrike som har eigne statuttar, det vil seie eit lokalt basert regelverk utanom kommuneordningane. Byen sine statuttar er frå 1932.

Folk[endre | endre wikiteksten]

Om lag 63% av ibuarane er registrert som romersk-katolske. Knapt 16% er protestantiske, ein andel som av historiske grunnar er langt høgare enn elles i Austerrike. Elleve prosent av dei bufaste er utanlandske statsborgarar, meir enn halvparten av desse er frå land utanaom EU.

Skihopparen Martin Koch er frå Villach.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Villach er nemnd fyrste gongen i eit dokument frå 878. Frå 1007 til 1759 høyrde Villach til erkebispedømmet Bamberg. Etter Villach i 1060 fekk marknadsrettar voks staden til by, og har hatt bystatus sidan seinast 1240. Byen vart mykje skadd i jordskjelv både 25. januar 1348 og 4. desember 1690. Etter reformasjonen kom i gang omkring 1526, vart Villach sentrum for protestantismen i Kärnten. Under motreformasjonen i kring 1600 utvandra mange protestantar, noko som førte til økonomisk tilbakegang for byen.

År 1759 kjøpte keisarinna Maria Teresia både Villach og resten av Bamberg-eigedomane i Kärnten. Byen kom dermed under keisarstyret i Austerrike. Under Napoleonskrigane var Villach 1809-13 krinsby i den franske provinsen Illyria, til han vart tilbakeerobra av Austerrike. Under andre verdskrigen stod alliansemaktene for 37 luftangrep mot Villach. Vel 42 000 bomber skadde 85% av bygningane i byen. Etter Wiener Neustadt var Villach den mest bombeskadde byen i Austerrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]