Vinaigrette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Framstilling av vinaigrette.
Vinaigrette med urter.

Vinaigrette (fransk, av vinaigre, 'vineddik') er ein saus laga ved å blanda eddik og olje i ein emulsjon. Han blir ofte brukt som dressing til salat eller som marinade.

I utgangspunktet består vinaigrette av 3 delar olje til 1 del eddik som blir piska til en emulsjon. Andre vanlege ingrediensar i vinaigrette er salt, pepar, sukker, sennep, urter, lauk og kvitlauk.

Som eddik bruker ein gjerne vineddik. Som olje kan ein bruka olivenolje eller til dømes soyaolje, rapsolje, maisolje, solsikkeolje, peanøttolje eller druekjerneolje. Urter kan til dømes vera dill, estragon, kjørvel eller persille, og ein kan også bruka finhakka lauk, kvitlauk eller kapers i retten. Sennep eller hardkokte eggeplommer kan bidra til å stabilisera emulsjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]