Vindhyafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vindhya)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vindhya
Vindhya.jpg
Vindhyafjella i Madhya Pradesh under monsuntida.
Land Flag of India.svg India
Statar Madhya Pradesh, Gujarat, Uttar Pradesh
elv Narmada
Kart over India som viser plasseringa av Vindhyafjella.
Kart over India som viser plasseringa av Vindhyafjella.
Wikimedia Commons: Vindhyas

Vindhyafjella er ei fjellkjede som ligg sentralt i India og deler det indiske subkontinentet mellom Indus-Gangessletta i nord og Deccan i sør. Fjella strekkjer seg 1 086 km frå Gujarat i vest, gjennom Madhya Pradesh til Uttar Pradesh midt i landet. Fjella har ei høgd på mellom 450 og 1 100 meter, og er opphav til fleire bielver til Ganga-Jamuna. Dei er danna av horisontal sandstein, og har derfor gjerne flate, platåaktige toppar.[1]

Dal i Malwa.

Vindhya er ei broten og svært gammal fjellkjede. Ho dannar den sørlege enden av Malwaplatået, eit område som er høgare enn Gangessletta i nord og der ein finn byar som Indore, Bhopal og Mandu. Fjella deler seg i to til Kaimur-fjella som går inn i vestlege Bihar, og ei sørlegare kjede som går saman med Satpurafjella i Maikala-kjeda.[1]

I vest, der Vindhyafjella møter Aravallifjella, ligg Ranthambore nasjonalpark. Han husar ein tigerpopulasjon og andre dyr som leopard, villsvin, nilgai, sambar, rhesusape, hulmanlangur og leppebjørn.[2] Saman med Aravalli stenger Vindhya for vind og nedbør frå sør, og området nord og vest for dei er svært tørt. Fjella gjev likevel opphav til fleire elvar, som Narmadaelva i sør og fleire bielvar til Ganges og Jamuna, som Kali Sindh, Parbati, Betwa, Chambal, Ken, Son og Tamsa/Tons.

Vindhyafjella blei omtalte som «Vindius» av den greske oldtidsgeografen Ptolemaios.[1]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Vindhya Range, britannica.com
  2. Ranthambore Tiger Reserve, WWF, wwfindia.org