Leopard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leopard

Status i verda: NT Nær truga

Namibie Etosha Leopard 01edit.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Felidae
Slekt: Panthera
Vitskapleg namn
Panthera pardus

Leoparden er det mest tilpasningsdyktige av dei store kattedyra. Han lever overalt frå dampande tropisk regnskog og tørre savannar i Afrika til over tregrensa i Himalaya. Best trivst han når han har tilgang på tre å sova i og jakta frå.

Heilt svarte leopardar blir kalla pantrar.

Sitjande leopard

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Leopardar har ei kroppslengde på 100-190 cm og veg mellom 30 og 70 kg. Hannen er om lag 50% større enn hoa. Det mest karakteristiske kjenneteiknet til leoparden er den flekka pelsen, sjølv om nokre (panterar) er heilt svarte.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Leoparden lever i heile Afrika sør for Sahara, i tillegg til sør på den arabiske halvøya, India, Kina og søraust-Asia. Tidlegare fann ein dei òg så langt nord som den russiske grensa mot Nordishavet. Når det kjem til habitat er leopardane meir tilpasningsdyktig enn noko anna kattedyr i den gamle verda; då ein kan støyta på dei frå halvørken til tropisk regnskog til høgfjell og alt i mellom.

Byksande leopard.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Leoparden er ein einsam, nattaktiv jeger som følgjer den same teknikken som dei fleste andre kattedyra: Han ligg på lur eller snik seg inn på byttet før han avsluttar med nokre raske byks. Han utmerker seg òg som ein dyktig klatrar, og lagrar ofte bytte i tre for å unngå at det vert teke av åtseldyr. Leoparden går vanlegvis på små til mellomstore dyr og fuglar, noko som skil han frå dei andre store kattedyra i slekta Panthera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Verdens dyr, Cappelen 1985