Soga om Eirik Raude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over reisene til Eirik Raude, Bjarne Herjolvsson, Leif Eiriksson og Torfinn Karlsevne, slik dei er framstilte i Soga om Eirik Raude og i Grǿnlendingasoga.

Soga om Eirik Raude er ei islendingesoge som handlar om fleire historiske hendingar frå rundt år 1000. Mykje av soga handlar om at Eirik Raude oppdaga Grønland og busette seg der, og om at son hans, Leif Eriksson, innførte kristendomen på Grønland[1]. Eit anna sentralt emne i soga er oppdaginga av Vinland, dei ulike oppdagingsferdene til Torfinn Karlsevne i Nord-Amerika og om møte med urfolket som vikingane kalla skrælingar.[1] På trass av mange fantasifulle innslag er soga om Eirik Raude, saman med Grønlendingesoga, ei viktig kjelde om dei norrøne reisene i Nordvest-Atlanteren i mellomalderen.

Aud den djuptenkte[endre | endre wikiteksten]

Seglas med vikingskip.

Soga om Eirik Raude byrjar på dei britiske øyane med Aud Flatnevdotter, òg kalla Aud den djuptenkte. Ho var gift med Olav Kvite, som på ei vikingferd hærtok Dublin og Dublinshire, og gjorde seg sjølv til konge. Ein av sønene deira heite Torstein Raud. Då Olav konge fall i eit slag flytta Aud og Torstein til Sudurøyane. Torstein vart herkonge og slo seg saman med Sigurd Øysteinson (Sigurd jarl den mektige). Dei tok Hebridane og Katanes i Skottland og Torstein sette seg til som konge over desse landa. Men då han fall i eit slag reiste Aud over til Orkenøyane, og seinare til Island, saman med 20 frie menn, men og fleire trælar. Fyrste vinteren var hi i Bjarnarhamn. hjå bror sin Bjørn. Seinare tok ho heile Dalir-landet, mellom Dogurdarå og Skraumulaupå. Mange av trælane som kom til Island saman med henne var menn som hadde vorte hærteke i vesterviking. Ein av dei heite Vivil og var komen av stor ætt. Aud løyste Vivil, slik at han vart ein fri mann, og ho gav han jord i ein dal, som då vart kalla Vivilsdal. Han fekk sønenen Torbjørn og Torgeir.

Eirik Raude oppdagar Grønland[endre | endre wikiteksten]

«Sommernat under den Grønlandske Kyst», måla av Carl Rasmussen.

Torbjørn Vivilson vart ven med Eirik Raude, som var komen til Island frå Jæren i Noreg, der far hans Torvald var skulda for eit mord. Når Eirik òg vart skulda for mord på Island hjelpte Torbjørn han, og Eirik bestemte seg for å fara frå Island for å leita etter nytt land vest for Island, som det vart fortald at Gunnbjørn Ulfsson tidigare hadde sett i havet vest for Island, medan han leita etter leia til Island. Han for i veg og oppdaga eit land som han utforska i tre års tid. Sjølv om storparten av det nye landet var dekt av isbreer kalla Eirik det for Grønland, for han tenkte at det ville få fleire til å flytta dit. Eirik for så attende til Island, for seinare å returnera til Grønland og busetta seg permanent på garden Brattalid i ein fjord som seinare fekk namnet Eriksfjorden.

Torbjørn, dotter hans Gudrid, og fleire andre flytta òg til det nye landet. Under overfarten råka dei ut vindstille og skodde og dreiv rundt heile sumaren utan å vita kvar dei var og over halvparten av folket døydde. Men etter ein periode med storm og grov sjø kom dei ut på seinhausten fram til Herjolvsnes, i det som seinare vart kalla Austerbygda, på Grønland. Der fekk dei husvære hjå ein bonde som heite Torkjell og vart verande der til vêret betra seg. Dei råka ei spåkvinne der på garden, som heite Torbjørg, og som utførte eit heidensk ritual for å kunna føreseia når uåret var omme. Då det vart sjøvêr att segla dei til Eiriksfjorden, litt lengre nord i Austerbygda, der Eirik Raude budde på garden Brattalid. Han tok godt i mot dei, og dei vart der resten av vinteren. Om våren fekk Torbjørn land på Stokkanes og bygde seg gard der.

Etter eit opphald på Hebridane, der han møtte den trollkunnige Torgunna, gjekk son til Eirik hadde ein son som heite Leiv. Han segla til Noreg og gjekk i teneste hjå kong Olaf Tryggvason. Kongen gav Leiv i oppdrag å kristna Grønland og Leiv om sumaren sette Leiv segl for Grønland. På vegen dit kom skipet til Leiv ut av kurs og han hamna på Hebridane. Det gjekk lang tid før dei bekk bør, så dei vart der utover sumaren og Leiv avla ein son med ei kvinne som heite Torgunna. Denne sonen kom seinare til Grønland. Utpå hausten segla Leiv og mennene han til Noreg att og Leiv gjekk inn i hirda til Olav konge.

Leiv Eirikson oppdagar Vinland[endre | endre wikiteksten]

Kongen ville atter senda Leiv til Grønland for å kristna landet, men Leiv meinte at det ville vera eit vanskeleg arbeid. Men kongen meinte at ingen var betre skikka til denne oppgåva enn Leiv og om sumaren sette Leiv atter kurs for Grønland. Men han kom på nytt ut av kurs og fann eit land vest i havet, der det voks villkveite og vinrankar. Han kalla landet Vinland. Soga nemner òg at dei fann folk på ein skipsflåte, men det vert ikkje sagt noko om kven desse var.

Dei fann til slutt fram til på Grønland, og der erklærte han, på vegne av Olav Tryggvason, kristendomen som offisiell religion. Eirik Raude gjekk ikkje over til den nye religionen, emn kona hans, Tjodhild gjorde det og let bygga ei kyrkje nær garden.

Det vart mykje snakk og å fara til det nye landet som Leiv hadde funne vest i havet. Bror til Leiv, Torstein, leidde saman med Eirik ein mislukka ekspedisjon for å undersøkja det nye landet. Dei dreiv lenge rundt på havet, men fann ikkje fram til Vinland. Dei vart tvinga til å fara attende til Grønland utan å ha fullført ærendet sitt, og kom dit seint på hauste.

Torfinn Karlsevne leiar ein ekspedisjon til Vinland[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa av Straumfjord på nordspissen av New Foundland.

Torstein, son til Eirik Raude gifta seg med Gudrid Torbjørnsdotter og flytta til Vestbygda, der Torstein, saman med ein anna mann som òg heite Torstein, åtte ein gard som vart kalla Lysufjord. Ut på vinteren kom det ei farsott til bygda, som førte til mange dødsfall. Mannen til Gudrid, Torstein Eirikson, var ein av dei som døydde. Det gjorde òg far hennar, Torbjørn Vifilson. Gudrid arva både mannen sin og far sin, og sat att som ei ung men rik enkje. Islendingen Torfinn Karlsevne kom seinare til Brattalid. Gudrid, som budde på Brattalid etter at ho vart enkje, vart i jula gifta Torfinn. Dei budde på Brattalid om vinteren. Om våren førebudde Torfinn og Gudrid ei ei ferd til Vinland, saman med mellom andre islendngen Bjarne Grimolfsson. I soga vert det fortalt at dei nadde same skipet som Torfinn kom til Grønland med, og at dei til saman var 160 mann. Dei kom til eit land med store steinheller, som dei kalla Helluland. Lengre sør kom dei til eit skogkledd land, som dei kalla Markland. Dei held fram søretter langs kysten og kom til eit nes der dei fann kjølen av eit skip, så dei kalla neset Kjalarnes. Av di det var så furdeleg langt å segla langs kysten kalla dei han for Furdestrander. Dei kom så til ein fjord som gjekk inn i landet og det låg ei øy utanfor. Soga fortel at det var sterk straum i sundet, så dette var truleg Belle Isle-sundet, som skil New Foundland frå fastlandet i nord. Dei kalla øya Straumøy og fjorden kalla dei Straumfjord. Dei vart der om vinteren og Gudrid fødte sonen Snorre.

Ei oppdagingsferd søretter kysten[endre | endre wikiteksten]

Dei delte flokken i to, slik at Torhall Veidemann segla nordover lags Furdestrendene for å leita etter Vinland, som Leiv Eirikson hadde fortalt om, medan Torfinn Karsevne, Snorre og Bjarne segla sørover langs landet og austover. Det betyr dette at dei runda forbi austkysten på New Foundland og så segla sørover langs kysten. I fylgje soga [1] segla dei lenge, før dei kom til ei elv som fyrst rann ut i eit vatn og så ut i sjøen. Det var store sandbankar i elvemunningen og så grunt at dei berre kunne signal inn på flo sjø. Torfinn og mennene hans segla in ni osen og kalla staden for Hóp. På land fann dei villhavre i dalbotnane og vinrankar i skråningane. Bekkane var fulle av fisk, dei fann villkveite i sandgropene når sjøen fall og skogen var full av alle slags dyr. Dei hadde med seg bufeet sitt og dei vart der ein halv månad.

Møte med urfolk[endre | endre wikiteksten]

Utbreiing av ulike mi'kmaqfolk.

Ein morgon fekk dei besøk av urfolk, som kom i skinnbåtar. Urfolket vart kalla «skrælingar», som var same nemninga som vart nytta for inuittane på Grønland. Det er ikkje kjend kva urfolk dette var. Det kan ha vore mi'kmaqfolk, som helt til på kysten av New Brunswick, men det kan òg ha vore ein stamme som bukka under etter koloniseringa av NOrd-Amerika 500 år seinare.. Dette møtet gjekk fredeleg for seg. Dei sette opp buer og var der over vinteren. Det var ikkje snø, så bufeet kunne gå ute heile vinteren. Utpå våren kom urfolket i skinnbåtane attende, og denne gongen var dei mange fleire. Det bytte varer med kvarandre. Urfolket var mest interessere i raude skrudklede og dei gav skinnvarer i bytte. Dei ville òg kjøpa våpen, men det nekta Torfinn dei. Då ein stut, som oppdagarane hadde, plutseleg kom brølande ut or skogen vart folket i skinnbåtane skremde og for bort, og det var ikkje noko å sjå til dei på tre veker. Men så kom ein stor skokk av dei attende, og denne gongar var dei i krigshumør. Det kom til slag og dei norrøne flykta til dei kom til ein bergvegg. Det blir fortalt at Frøydis Eiriksdotter vart sint for at mennene rømte unna i staden for å slåst. Ho var barntung, så ho kunne ikkje springa så fort og dei innfødde gikk laus på henne. Ho fekk då sjå Torbjørn Snorreson logga dren i skogen, så ho tok sverdet hans. Det blir så fortalt at ho blotta brysta og «brynte sverdet mot dei». Det blir ikkje fortalt kvifor ho gjorde dette, men kanskje var det for å skremma dei innfødde. Mykje kan tyda på det, for soga fortel at skrælingane då vert redde og la på flukt. To av mennene til Torfinn var drepne, saman med mange innfødde.

Attende til Straumfjord[endre | endre wikiteksten]

Torfinn og mennene hans skjøna at dei på lengre sikt ikkje kunne verja seg mot overmakta, så dei for attende til Straumfjord. Det er noko uklårt om alle for nordover att, eller om nokre vart att sør i Vinland. Den tredje vinteren var dei i Straumfjord. Den vinteren vart usemje om kvinnene, så dei ugifte mennene vill gå på dei som hadde koner.

Attende til Grønland[endre | endre wikiteksten]

Etter tre år bestemte dei norrøne grønlendingane bestemte seg for å fara attende til Grønland. På turen attende til Grønland sprang skipet til Bjarne Herjolvsson lekk, på grunn av at båten var marketen. Livbåten deira hadde berre rom for halvparten av besetninga, så dei trekte lodd om kven som fekk gå ombord i livbåten. Bjarne vann seg ein plass, men han bytta med ein ung islending då denne minte han om at Bjarne hadde lova å bringa han sikkert heimatt. Resten av fylgjet kom til Grønland og var hjå Eirik Raude om vinteren.

Sumaren etter for Torfinn og Gudrid til Island, der dei sette bu ved Skagafjörður. Soga avsluttar med å rekna opp dei tre av etterkomarane deira som vart biskopar.

Arkeologiske spor etter den norrøne busettinga i Vinland[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av norrøn busetnad ved L'Anse aux Meadows.
Inngangen til ei rekonstruert norrøn L'Anse aux Meadows ved L'Anse aux Meadows.

I 1960 for Helge Ingstad til Newfoundland, saman med dotter si, Benedicte, for å leita etter norrøne busetnadar[2]. Dei fekk hjelp av lokalbefolkninga i fiskarlandsbyen L'Anse aux Meadows, på nordspissen av Newfoundland, til å finna gamle hustufter ved sjøen, som gjekk under nemninga «den gamle indianerplassen». Desse tuftene såg ut som norrøne hustufter på Grønland, som Ingstad hadde grave ut tidlegare. Kona til Helge, som heite Anne Stine og var arkeolog, kom då over til L'Anse aux Meadows for å hjelpa til med å undersøka tuftene. Dei fann då at tuftene var av same type som andre norrøne hustufter frå rundt år 1000[2]. Radiokarbondateringar synte at hustuftene på L'Anse aux Meadows var frå perioden 980 til 1020, noko som stemmer svært godt både med soga om Eirik Raude og Grønlendingesoga. Dette er ikkje prov for at Snorre vart født på L'Anse aux Meadows, men same kvar Snorre vart fødd i det nye landet kan ein ut frå sogene tolka det slik at Gudrid kan ha vore den fyrste europeiske kvinna som fødde born i Nord-Amerika og at Snorre var det fyrste europearen som kom til der. Ekteparet Ingstad fann spor etter tre langhus, pluss nokre mindre bygningar og utgravingane synte òg at alle husa hadde vore bygd omtrent samstundes og at kulturlaga berre var nokre få år gamle. Dette stemmer òg med sogene, som fortel at grønlendingane forlet busetnaden etter nokre år. Dei fann òg eit handtein[2], som synte at det hadde vore kvinner i busettinga.

Jamnføring med andre tekstar[endre | endre wikiteksten]

Fleire av huvuddraga i Eirik Rades saga går att i Grønlendingesoga[3]: Erik Raude og far hans utvandra frå Noreg til Island og far til Eirik for sidan vidare til Grønland. Seinare vart Vinland oppdaga og fleire reiser dit vart gjennomførte. Men mange detaljar og attåtforteljingar er forskjellige i dei to sagaene. Til dømes er det Bjarne Herjolfsson og ikkje Leiv Eiriksson som er den fyrste som ser Vinland i Grønlendingesoga. Spåkvinna Torbjørg er med berre i Eirik Raudes saga, medan ein massakre av ein del av ekspedisjonsmedlemmane, som Frejdis Eriksdotter skal ha fått i stand, berre er nemnde i Grønlendingesoga.

I Íslendingabók, skriven av Ari Þorgilssons på 1130-talet, er det òg nemnt at Grønland vart oppdaga og bygd frå Island. Ifylgje Íslendingabók vart Grønland oppdaga 14 eller 15 år før kristendomen kom til Island. Innføringa av kristendomen vart vedteken på Alltinget i år 1000 og denne opplysninga har vorte nytta for å tidfesta fleire av hendingane i Erik Raudes saga, der årstal ikkje er nemnde.[4]

Adam av Bremen drøftar Grønland og Vinland i krønika si.[5] Til skilnad frå Eirik Raudes saga[1] og Íslendingabók, der det står at Eirik Raude fann på namnet Grønland for at det høyrdest fint ut og for å lokka folk til å flytta dit, står det i krønika att «opphavet til namnet er at menneska vert blågrøne av det salte havet».[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Eirik Raudes saga, i Islandske ættesagaer, Gyldensdals norske forlag, 1973.
  2. 2,0 2,1 2,2 H. Ingstad, Vesterveg til Vinland, Gyldendal norske forlag, 1965.
  3. En saga om grønledingene, i Islandske ættesagaer, Gyldensdals norske forlag, 1973.
  4. Islændingebogen, dansk omsetting av Carsten Lyngdrup Madsen, 2013.
  5. Adam av Bremen, Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum, 1070
  6. T. Nordin, Vikingarna vid världens ände. Artikkel av Torgny Nordin i Populär Historia, 16/3-2001.