L'Anse aux Meadows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over utbreiinga til vikingtoktene
Rekonstruksjon av vikingbuplass på L'Anse-aux-Meadows

L'Anse aux Meadows er ein stad på nordspissen av øya Newfoundland i den kanadiske provinsen Newfoundland og Labrador, kjend for å ha husa vikingar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «L'Anse aux Meadows» er ofte tolka som «Engbukta» eller «Engvika», men namnet har fransk opphav og på eit fransk kart frå 1862 er staden kalla «L'Anse à la Médée»[treng kjelde]. Det var vanleg at skip var oppkalla etter mytologiske figurar, og Médée (eller Medeia på norsk) var ei mytologisk gresk prinsesse, som vart godt kjend på 1800-talet. Staden kan difor vera oppkalla etter eit fransk skip som heite Médée. Bukta på den nord-austlege sida av neset som stikk ut mellom den noverande landsbyen L'Anse aux Meadows og den norrøne busetnaden heiter framleis «Baie de Médée» (Medeiabukta). Ein kan difor vera rimeleg trygg på at opphavlege franske namnet var «L'Anse à la Médée». «Meadows» er truleg ei mistolking som kom til då namnet vart anglifisert. «À la» har da vorte erstatta med «aux», som er ei samantrekking av prepositionen "à" (ved, på) og den bestemte artikkelen (fleirtal) "les". Så det er tvilsamt at det opphavlege namnet hadde noko med eng å gjera.

«Anse» går att i fleire stadnamn både i Frankrike og i Canada. Den franske byen Anse i Departementet Rhône er eit døme. Byen kan ha fått namnet sitt frå d’Asa Paulini, som er ein etappe på ein romersk veg som batt saman dei største byane i Gallia. I eit «cartulaire» (eit diplomatisk dokument) frå 885 er byen referert til som «d’Ansa»[treng kjelde] (ved Ansa). Etter som byen ligg ved ein sving i elva Saône har det vore spekulert i at «anse» kan tyda kurve, som i sin tur kan ha vorte overført til bukt og slik vorte til «L'Anse à la Médée» (Medeiabukta). L'Anse-au-Loup (Ulvebukta) på nordsida av Belle Isle-sundet, ligg òg i ei bukt og det same gjer Les Anses-d'ArletMartinique og Anse-BertrandGuadeloupe. Dette peikar mot at stavinga «Anse» på 1700- og 1800-talet tydde bukt. I så fall kan «l’Anse à la Médée» omsettast med «Medeiabukta».

Den franske arkeologen Jean-Claude Béal, derimot, meiner at «ansa» kan tyda straum[treng kjelde]. Om han har rett stemmer det med fyrste stavinga av det norrøne namnet Straumfjǫrð, kjend frå Soga om Eirik Raude[1]. Dette kan vera tilfeldig, men det kan òg vera at både dei norrøne og dei franske kollonissatørane valde eit namn som minte dei om den sterke straumen i sundet utanfor bukta. Ut frå denne tolkinga kan «L'Anse aux Meadows» omsettast med «Medeiastraumen».

Ein står då att med to ulike tydingar av det opphavlege franske namnet «L’Anse à la Médée»: «Medeiabukta» og «Medeiastraumen». Ut frå at L'Anse-au-Loup, Les Anses-d'Arlet og Anse-Bertrand ligg ved kvar si bukt, og at desse stadane fekk namn om lag samstundes med L'Anse à la Médée, tykkest «Medeiabukta» vera den beste kandidaten. Men ein kan likevel ikkje vera heilt sikker på dette.

Norrøn busetting[endre | endre wikiteksten]

Restar frå ein norrøn buplass blei oppdaga der i 1960 av det norske ekteparet Helge og Anne Stine Ingstad[2]. Helge var jurist og oppdagar og Anne Stine var arkeolog. Utgravingane avdekte langhus av same type som i dei norrøne busetnadane på Grønland, som synte at det var ein norrøn buplass. Verktøy og andre hjelpemiddel vart dateringa til rundt år 1000. Funnet av ein handtein synte at det hadde vore kvinner i busetnaden. L'Anse aux Meadows er den einaste stadfesta arkeologiske norrøne buplassen funnen i Nord-Amerika.

Buplassen, som er 500 år eldre enn Christopher Columbus, inneheld dei tidlegaste kjende europeiske strukturar i Nord-Amerika og er plukka ut som ein verdsarvstad av UNESCO. Ein trur at det var Leiv Eiriksson som reiste husa på L'Anse aux Meadows og at dette er Leiv-buene som blir omtala i soga om Eirik Raude.

Klimaet i Newfoundland var den gong monaleg varmare enn i dag. Som det har vorte sagt i sagaen, Leifur drog frå Grønland, for å leite etter landet Bjarni Herjólfsson hadde skildra for han. Han fann eit land som var rikt med druer, laks og med frostfri vinter, og ikkje minst mykje tømmer og ved, som Grønland hadde lite av.

Minst åtte bygningar utgjorde husværa i L'Anse aux Meadows. Der var mellom anna ei smie og eit område for bygging eller reparasjonar av båtar med eiga trelasttomt. Sagaen fortel at Thorfinn Karlsefni leidde eit koloniseringsforsøk med så mange som 125 menn og 15 kvinner, med base i Leifurs sin leir. Reiskapar for strikking og sying er funne, noko som tyder på at også kvinner heldt til på L'Anse aux Meadows.

Buplassen blei ikkje brukt i meir enn to eller tre år. Årsaka til at plassen blei fråflytt er ikkje kjend, men det er føreslått at interne konfliktar, uventa vanskar grunna omslag i vêrtilhøve eller åtak frå innfødde kan vere årsaka.

L'Anse aux Meadows vert òg knytt til legenda frå algonkinarane om eit kongedøme Saguenay med ein folkesetnad av blonde, rike menneske kledde i pels og metall, men dette er berre gissing.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Islandske ættesagaer, Gyldensdals norske forlag, 1973.
  2. H. Ingstad, Vesterveg til Vinland, Gyldendal norske forlag, 1965.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]