Viterbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viterbo
Pavepalasset i Viterbo
Pavepalasset i Viterbo
Byvåpenet til Viterbo
Byvåpenet til Viterbo


Plassering
Viterbo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lazio
Viterbo
Borgarmeister Giancarlo Gabbianelli
Geografi
Flatevidd
 - By

406,28 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

60 537
  148.63/km²
Koordinatar 42°25′″N 12°6′″EKoordinatar: 42°25′″N 12°6′″E
Høgd over havet 326 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 01100
Telefon-retningsnummer 0761
Nettstad: www.comune.viterbo.it

Viterbo er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Viterbo i regionen Lazio og har om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 100 km nord for Roma langs Via Cassia, og er omringa av Monti Cimini og Monti Volsini. Det historiske senteret er omgjeve av mellomaldermurar bygd på 1000- og 1100-talet og som framleis står.

Bortsett frå jordbruk er hovudnæringa i Viterbo-området keramikk, marmor og tømmer. Ein del av Italia sine gullreservar ligg i byen, i tillegg til eit akademi for dei skjønne kunstartane, Universitetet Tuscia og fleire varmekjelder som trekkjer til seg turistar frå heile Sentral-Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Viterbo er svært gamal og ein kjenner ikkje heilt til opphavet. I området vart det uansett oppretta ein liten romersk koloni kalla Vicus Elbii, men om dette er det same senteret som vert kalla Vetus Urbs («Gamlebyen») i mellomalderen er usikkert.

Dei første sikre kjeldene om byen har ein frå 700-talet, då han vart kalla Castrum Viterbii. Det vart bygd festningsverk i byen i 773 av den langobardiske kongen Desiderius i hans mislukka forsøk på å erobre Roma. Då paven vart støtta av frankarane vart Viterbo ein del av Kyrkjestaten, men keisarane i Det tysk-romerske riket prøvde mange gonger å ta byen. Fram til 1095 vart han ein fri kommune.

I ein periode då pavane hadde vanskeleg med å hevde makta si over Roma vart Viterbo mykje nytta som residensen deira. Den første paven som budde her var pave Eugenius III (1145-1146). I 1164 gjorde Fredrik Barbarossa Viterbo til sete for motpaven sin, Paschalis III. Tre år seinare gav han staden tittelen by og nytta militsen sin mot Roma. I 1172 vart Viterbo utvida og den gamle byen Ferentum vart øydelagd. I denne tida var byen ein velståande kommune og ein av dei viktigaste i Sentral-Italia med nesten 60 000 innbyggjarar.

I 1207 heldt pave Innocens III eit råd i domkyrkja, men byen vart seinare bannlyst som favorittsetet til den kjetterske Patari og til og med nedkjempa av romarane. I 1210 klarte Viterbo å slå keisar Otto IV og vart igjen i krig mot Roma.

På 1200-talet vart han vekselsvis styrt av tyrannar frå to familiar, Gatti og Di Vico. Fredrik II trekte Viterbo inn på ghibellinane si side i 1240, men då innbyggjarane kasta ut dei viltre tyske troppane hans i 1243 kom han tilbake og omleira byen, men til ingen nytte. Etter dette var Viterbo alltid lojalt mot guelfane. Mellom 1257 og 1261 var han sete for pave Alexander IV, som òg døydde her. Etterkomaren hans Urban IV vart vald i Viterbo.

I 1266-1268 valde Clement IV Viterbo som base for den harde kampen hans mot Hohenstaufen. Frå pavepalasset her bannlyste han hæren til Conradin av Schwaben som reiste langs Via Cassia. Andre pavar som vart vald i Viterbo var Gregor IX (1271) og Johan XXI (1276, som døydde i Pavepalasset då golvet i rommet hans fall saman), Nikolas III og franske Martin IV. Innbyggjarane likte ikkje at kongen av Napoli valde ein utlending til pave og dei invaderte domkyrkja der konklaven vart halden og arresterte to av kardinalane. Dei vart så lyste i bann, og pavane heldt seg unna Viterbo dei neste 86 åra.

Utan pavane kom byen i hendene til Di Vico-familien. I 1354 vart styret deira knust av kardinal Gil de Albornoz, som vart send av pavane i Avignon for å gjenopprette Kyrkjestaten. Han bygde då borga i byen. I 1375 gav folket bynøklane til Francesco Di Vico, sonen til den tidlegare tyrannen, men tretten år seinare tok folket livet av han og gav først byen til pave Urban VI, og så til Giovanni di Sciarra di Vico, søskenbarnet til Francesco. Pave Bonifatius IX sine troppar dreiv han derimot bort i 1396 og oppretta eit permanent pavestyre over byen. Den siste Di Vico som hadde makta i Viterbo var Giacomo, som vart slått i 1431.

Viterbo var så ein del av Kyrkjestaten fram til samlinga av Italia i 1871.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Viterbo