Schwaben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Tyskland med dagens grenser. Det ljose blå området er dagens Baden-Württemberg, og austom dette ligg Bayern med Swabens administrative regionen markert i rosa

Schwaben er ein historisk region og eit språkområde i Tyskland.

Geografi og historie[endre | endre wikiteksten]

Schwaben finst ikkje på noko kart, sidan regionen berre delvis fell saman med administrative einingar i Tyskland. Dermed kan det vere ei viss usemje om nøyaktig kvar grensa mot Schwaben går. Då dette er ein historisk region og språkleg område, og ikkje ei politisk eining, er det ikkje klare grenser for området.

Hertugdømmet Schwaben[endre | endre wikiteksten]

I tidleg mellomalder eksisterte Hertugdømet Schwaben. Det omfatta større område sørvest i det tyskspråklege området, blant anna Baden, Alsace (Elsass), Vorarlberg og det meste av det tyskspråklege Sveits. Dette området svarar omtrent til det området der det i dag blir snakka alemanniske dialektar.

Dagens Schwaben[endre | endre wikiteksten]

Seinare har omgrepet Schwaben vorte eit meir geografisk avgrensa område. Hovuddelen av Schwaben ligg i delstaten Baden-Württemberg, der dei sentrale delane rundt Stuttgart og Heilbronn, samt dei austlege og sørlege delane blir rekna til Schwaben. I tillegg kjem den bayerske regionen Schwaben med byen Augsburg og alperegionen Allgäu. Elva Lech austom Augsburg er ei kraftig dialektgrense mot det eigentlege Bayern. I mellomalderen vart òg det meste av dagens Sveits og Alsace (Elsass) rekna til Schwaben.

Slett ikkje Schwaben[endre | endre wikiteksten]

Ikkje heile Baden-Württemberg vert rekna til Schwaben. Områda langs Rhinen i Baden-Württemberg, med byar som Konstanz, Freiburg og Karlsruhe reknast derimot ikkje til Schwaben, men til Baden. Schwarzwald dannar her ei naturleg grense. Dei nordaustlege områda, rundt Tauberbischofsheim høyrer til Franken. Dei språkleg nærskylde Badenser (innbyggjarane i Baden), blir fort fornærma om ein ikkje høyrer eller merkar skilnaden!

Kultur og særpreg[endre | endre wikiteksten]

Schwaben står ikkje på noko kart over Tyskland, men er likevel ein sjølvmedviten region med mange kulturelle særdrag som er svært kjende i Tyskland.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dialekten i Schwaben høyrer til den alemanniske dialektgruppa, saman med dialektane i Sveits, Alsace, Vorarlberg i Austerrike og Baden. Blant kjennemerka på dialekten er den utbreidde nytta av sch-lyden. På tysk blir uttalt st- i byrjinga av eit ord som scht- (eks. Stein), men i alemanniske dialektar gjeld dette òg midt inne i ordet eller på slutten (eks. Fescht for Fest). Diminutiven -lein/-chen heiter -le, til dømes kallast delstaten Baden-Württemberg humoristisk for Ländle, i staden for Ländchen (Vesle landet).

Religion[endre | endre wikiteksten]

Dei nordvestre områda rundt Stuttgart er protestantiske, og dannar ei stor protestantisk øy i det katolskdominerte Sør-Tyskland. Områda lenger sør, rundt Rottweil og ved Bodensjøen, og i delstaten Bayern, er katolske. I dei katolske områda finst det gamle karnevalstradisjonar, som her blir kalla Fasten, prega av eld og skremmande kostyme.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Kjøkkenet i Schwaben har òg ein del spesialitetar, blant anna blir det brukt ein god del pasta, eller nudlar. Fersk nuddeldeig som blir riven i strimlar over kokande vann, blir kalla ¨Spätzle, og Käsespätzle er det same tilsett ost. Schwabens svar på ravioli er schwäbische Maultaschen (avleidd av maul, kjeft, og tasche, lomme), som er større, meir kjøttfylte enn dei italienske søskenborna sine, og gjerne kokt i kraft. I områda rundt Stuttgart blir det dyrka store mengder lett raudvin, som i all hovudsak blir drukke av innbyggjarane sjølv, og som difor er vanskeleg å få tak i i andre delar av Tyskland.

Innstilling[endre | endre wikiteksten]

Die Schwaben, innbyggjarane i Schwaben, har ord på seg for å vere gjerrige, eller sparsame, som dei sjølv seier. Dei drøymer òg om å starte eige føretak, og ganske visst er store område i Schwaben prega av driftig småindustri. Økonomisk er regionen blant dei sterkaste i heile Tyskland. Schwaben-vitsane er godt kjende i Tyskland, og dei liknar ein god del på historier om gjerrige sunnmøringar. Ein kan få mistanke om at mange av historiene både oppstår og blir spreidde av die Schwaben sjølv.