Vivelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vivelid
stad
Vivelid.JPG
Utsyn mot Vivelid i august 2005.
Foto: Hallvard Lid
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Eidfjord
Preposisjon Vivelid

Vivelid eller Viveli er ei hyttegrend i VeigdalenHardangervidda Vest i Eidfjord kommune i Hordaland. Grenda ligg på ca 900 moh., og har ingen fastbuande innbyggjarar lenger.

Naturen på Vivelid er skiftande, med skog av vier og bjørk og dei to elvane Vivo og Veig. Dyrelivet er også variert her, og området vert ofte brukt til både jakt, fiske og bærplukking.

Vivelid ligg cirka ein times gange unna bilvegen som går opp Hjølmodalen i Eidfjord kommune. Frå Vivelid går det an å gå til m.a. Stavali (4 - 5 timar) og Hårteigen (7 - 9 timar).

Vivelid er elles kjend som ein av dei turraste stadene i Hordaland. I 1933 sette Vivelid Hordalandsrekorden for den minste mengda årsnedbør med berre 259 millimeter.

Før i tida var det fastbuande på Vivelid. Ein av dei siste av desse var målaren og forfattaren Lars Vivelid, som flytte derifrå i 1982. Eit teikn på at at det har vore fast busetnad er at Vivelid enno i dag er eit etternamn. I dag er det 47 menneske som heiter Vivelid til etternamn, i fylgje Statistisk Sentralbyrå.

Det har vore overnattingshøve på Vivelid sidan 1890-talet. I dag tilbyr den privateigde, sommaropne turisthytta Vivelid Fjellstove rom. Eigarane er Åshild Vivelid og familien hennar.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]