Vjatsjeslav Fetisov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vjatsjeslav Fetisov

Viacheslav Fetisov 2013.jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 20. april 1958 (63 år)
Moskva
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Leninordenen, Æresordenen, Den olympiske orden, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, Venskapsordenen, Zasluzjennyj rabotnik fizitsjeskoj kultury Rossijskoj Federatsii, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen, 2. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, Jubileumsmedaljen for sytti år med Sovjetunionens væpnede styrker, Medaljen for uklanderlig tjeneste, æresmerke for fortjenester i utvikling fysisk fostring og idrett, Hockey Hall of Fame, Medal "For Impeccable Service", 3rd class

Vjatjeslav Aleksandrovitj Fetisov (fødd 20. april 1958) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar og politikar frå Moskva. Med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey vann han sju VM-gull og to OL-gull i tida 1978-90. Fetisov var idrettsminister 2002-08 under presidentstyret til Vladimir Putin.

Fetisov vert rekna som ein av dei beste forsvarsspelarane i ishockeyhistoria. Han spelte for ishockeyklubben CSKA Moskva frå 1976 til 1989, eit lag han vart sovjetmeister med 13 år i rad. Deretter spelte han i National Hockey League i Nord-Amerika til 1998, perioden 1989-94 på New Jersey Devils. Sidan var han frå 1994 til -98 Detroit Red Wings-spelar, ein klubb han vann Stanley Cup med i 1997 så vel som i 1998.

Fetisov var lagkaptein for det sovjetiska ishockeylandslaget i mange år. Han deltok i ishockey-VM fyrste gongen i 1977 og siste gongen 1991. Verdsmeister vart han i 1978, 1981-83, 1986, 1989 og 1990 og olympisk meister i 1984 og 1988.

I 2002 vart Fetisov utnemd til idrettsminister i Russland. Dei neste seks åra sette han i verk ei storstilt utbbygginga av idrettsarenaer i Russland. År 2007 hadde han ei framståande rolle då Russland vart tildelt dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]