Vladimír Dzurilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimír Dzurilla
Statsborgarskap Slovakia, Tsjekkoslovakia
Fødd 2. august 1942
Bratislava
Død

27. juli 1995 (52 år)
Düsseldorf

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964

Utmerkingar

Крыж Прыбіны I класа, Q122213892

Vladimír Dzurilla (2. august 194227. juli 1995) var ein ishockeyspelar frå Bratislava som vart verdsmeister 1972, 1976 og 1977 for Tsjekkoslovakia. Han var målvakt.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Dzurilla var aktiv i Slovan Bratislava frå 1957 til 1973. Sidan spelte han 1973-75 for Škoda Plzeň og 1975-78 Zetor Brno. Etter 571 seriekampar, rekord for målvakter i den tsjekkoslovakiske ishockeyserien, flytta han 1978 til Tyskland og spelte ein sesong for EV Augsburg. Han avslutta med spel for SC Riessersee i tida 1979-82, vart vesttysk seriemeister 1981.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Dzurilla fekk sin landslagsdebut for Tsjekkoslovakia i 1960. Han representerte landet under dei olympiske vinterleikane 1964, 1968 og 1972, vann medalje i alle. I 1964 og 1972 fekk han bronse, i 1968 sølv. Frå 1965 til 1977 spelte han kvart år på VM-laget til Tsjekkoslovakia og vart verdsmeister i 1972 i Praha, 1976 i Katowice og 1977 i Wien. Elles sanka med seg tre VM-sølv og fire VM-bronsar. Både under VM 1965 og VM 1969 kom han med på All-Star Team. Dzurilla deltok i 139 internasjonale kampar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]