Ishockey-VM 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i ishockey 1976 vart arrangert i Katowice i Polen i tida frå 8. til 25. april 1976. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer i eit gruppespel. Deretter møttest dei fire beste laga på nytt i eitt innbyrdes sluttspel i kampen om VM-tittelen, medan dei fire laga med færrast poeng møttest til spel om plassane 5 til 8. Alle laga tok med seg poenga i gruppespelet til sluttspelet.

Tsjekkoslovakia var suverent best og vart verdsmeister for andre gong. Sovjetunionen sikra seg sølvplassen og Sverige kom på bronseplassen.

Tabell 1-4[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 10 9 1 0 67 - 14 19
2 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 10 6 1 3 50 - 23 13
3 Flag of Sweden.svg Sverige 10 6 0 4 34 - 29 12
4 Flag of the United States.svg USA 10 3 1 6 24 - 42 7

Tabell 5-8[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
5 Flag of Finland.svg Finland 10 2 4 4 35 - 41 8
6 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 10 3 2 5 26 - 41 8
7 Flag of Poland.svg Polen 10 3 2 5 32 - 47 8
8 Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 10 2 1 7 19 - 52 5

Tsjekkoslovakia sitt meisterlag[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Jiří Holeček, Vladimír Dzurilla
Forsvarar: Oldřich Macháč, František Pospíšil, Jiří Bubla, Milan Kajkl, Milan Chalupa, Miroslav Dvořák, František Kaberle
Løparar: Vladimír Martinec] Jiří Novák, Bohuslav Šťastný, Marián Šťastný, Ivan Hlinka, Jiří Holík, Eduard Novák, Milan Nový, Jaroslav Pouzar, František Černík, Peter Šťastný

Kjelder[endre | endre wikiteksten]