Vladimir Krylov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Krylov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 26. februar 1964 (60 år)
Sengilej
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Vladimir Valentinovitsj Krylov (fødd 26. februar 1964) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1986 europameister på 200 meter og i 1988 olympisk meister i 4 x 400 meter stafett for Sovjetunionen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Krylov var sovjetmeister på 400 meter i 1984 og 1985, på 200 meter i 1988 og på 100 m i 1990. I 1985 vart han andremann på 400-meteren i Europacup-finalen. Ved europameisterskapen i Stuttgart i 1986 vann han ein suveren siger på 200 meter med tida 20,52 sekund. Han fekk elles med seg ein bronsemedalje då han tok seg av ein av etappane for Sovjetunionen sitt lag i 4 x 400 meter stafett.

I VM i friidrett 1987 i Roma vart Krylov femtemann på 200 meter, med tida 20,23 kom han einast sju hundredels sekund bak verdsmeisteren Calvin Smith. På 4 x 100 meter stafett sprang han som ankermann Sovjetunionen inn til sølv. Under dei olympiske sommarleikane i Seoul hausten 1988 vart Krylov slått ut i semifinalen på 100 meter. Ei veke seinare tok han seg av den andre etappen då Sovjetunionen vann OL-finalen på 4 x 100 meter stafett. Dei andre gullvinnarane heitte Vikor Bryzjin, Vladimir Muravjov og Vitalij Savin. I sitt siste store meisterskap, EM i friidrett 1990 i Split, enda Krylov på sjuandeplassen på 100-meteren.

Krylov sin personlege rekordar er 10,23 sekund på 100 m (1988), 20,23 på 200 m (1987) og 45,20 på 400 m (1986).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]