Voksenkoll-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit USA-amerikansk militærfly lik ulukkesflyet

Voksenkoll-ulukka var ei flyulukke i Voksenkollåsen i Oslo tysdag 18. desember 1945 klokka 11.04. Eit militært transportfly av typen C-47 Dakota (CC-129) med kjenningsbokstavane ODM-F, eigd av Royal Canadian Air Force No. 435 Transport Squadron, flaug inn i sørsida av Voksenkollåsen og kom i brann. Det styrta ikkje langt frå ruinen av Anne Kures hotell, som hadde brunne ned natta til 3. mai 1941, medan tyske soldatar budde der under okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen.

Femten personar omkom i sjølve flyulukka. To døydde rett etter at dei var frakta til Ullevål sjukehus. To amerikanarar (løynant Nelson og Kurt Wiesman) overlevde.[1] Dei vanskelege føreforholda gjorde at brannvesenet brukte 30 minutt (mot normalt under 15 minutt) frå Smestad brannstasjon til havaristaden.

Flyet var på veg frå ein militærbase i England via Kastrup til Fornebu. Men Fornebu var stengt på grunn av lågt skydekke, og flyet vart omdirigert til Gardermoen. Eit nytt instrument-innflygingssystem var under montering på Fornebu, men var ikkje enno teke i bruk. Årsaka til ulukka var truleg at underkjølt regn gjorde at motorane mista mykje av effekten, slik at flyet ikkje klarte å koma seg over Voksenkollåsen.

Mellom dei omkomne var to nordmenn: motstandsmannen Hjalmar Steenstrup[2] (født 11. oktober 1890), som var på veg heim etter å ha vitna i Nürnbergprosessen, og løytnant i marinen Inge Johansen (fødd 11. juni 1921), som skulle heim frå England for å feira jul med familien for første gong sidan 1936.[3]

Femten av dei omkomne er gravlagt på krigsgravfeltet for falne frå Storbritannia og samveldelanda nær kapellet på Vestre gravlund i Oslo. Dei to nordmennene er ikkje gravlagt der.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «To overlever flyulykken». Aftenpostens aftenutgave. 19. desember 1945. s. 2. 
  2. «Fly-ulykken på Voksenkollen krevde 16 menneskeliv». Aftenpostens morgenutgave. 19. desember 1945. s. 1. 
  3. «Marineløytnant Inge Johansen som omkom ved fly-ulykken». Aftenpostens aftenutgave. 19. desember 1945. s. 2. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vinderen Medlemsbladet til historielag 2004/3, nr. 51 side 22 26
  • Vinderen Medlemsbladet til historielag 2004/4, nr. 52 side 12
  • Vinderen Medlemsbladet til historielag 2012/1, nr. 81 side 59 – 64

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]