Anne Kure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Kure
Anne Kure.jpg
Fødd 27. februar 1845
Død

13. juni 1914

Yrke forretningsdrivande
Anne Kure på Commons

Anne Kure (27. februar 184513. juni 1914) var ein norsk hotelldirektør som åtte Anne Kures hotell i Voksenkollveien 20 i Oslo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kure var fødd i Rygge i Østfold. Etter å ha arva nokre hundre korner reiste ho til Stockholm, der ho lærte massasje og sjukegymnastikk. Ho prøvde å driva med dette i Moss, utan å lukkast.

Ho byrja i arbeid ved hotellet til venninna Sidsel Aanrud på Egertorget i Kristiania. Etter at Aanrud gifta seg overtok ho som styrar, og i 1886 opna ho òg eige hotell i leigde lokale på hjørnet av Karl Johans gate og Kirkegaten.[1]

Anne Kures hotell[endre | endre wikiteksten]

Anne Kures hotell (etter påbygging), ca. 1935.
Foto: Harstads forlag/Oslo byarkiv.
Ruinen av Anne Kures hotell i 2015
Foto: Jan-Tore Egge

Saman med professor Bredo Morgenstierne kjøpte Kure ein eigedom på 65 mål i Voksenkollveien for 400 kroner per mål. Der bygde ho sitt store hotell som opna i 1899.

Anne Kure var òg aktiv som medlem i Norsk Hotelforening (seinare Norsk Hotell- og Restaurantforbund, no Reiselivsbedriftenes Landsforening), og var ein pådrivar for betre opplæring av hotellfolk.[1]

Som mange andre gav òg Anne Kure eit bidrag til det som vart Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon. Ho gav 500 kroner.[2]

Edvard Munch skreiv i eit udatert brev mellom anna:

«Det er nok et deiligt sted
Anne Kure – Du kan få spise
der ved småbord så Du ikke
behøver at sidde med mange.»[3]

Kure døydde ugift i 1914 i Kristiania. Då ho døydde vart hotelldrifta overteken av andre medlemmar av Kure-familien, først av niesa Marthe Kure og deretter, rundt tjue år seinare, av Sofie og Petra Kure. I 1927 blei ein sti i nærleiken kalla Anne Kures sti.[1]

Hotellet brann ned til grunnen natt til 3. mai 1941 medan tyske soldatar budde der. Ifølgje Aftenposten omkom to personar i brannen: pastor Thomas Maroni og ein tyskar. Dessutan vart ein norsk hushjelp såra og lagt inn på sjukehus. Hotellet vart aldri bygd opp igjen. Restar av grunnmuren står der enno.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Anne Kure». Norsk biografisk leksikon. 13. februar 2009. Henta 7. februar 2015. 
  2. «Sydpolen. Den norske Sydpolsfærd med Fram 1910-1912 / Andet bind /». 22. juni 2015. 
  3. «MM N 1447, Munchmuseet. Ikke datert. Brev til Inger Munch». Munchmuseet. Henta 8. juli 2015.