Vulkankjegle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puʻu ʻŌʻō, ei cinder- og sprutkjegle på KīlaueaHawaiʻi

Vulkankjegler er av dei enklaste vulkanformasjonane i verda. Dei er bygd opp av fragment som er kasta opp (sprøyta ut) frå ein vulkanventil og som samlar seg opp i ein haug rundt ventilen i form av ei kjegle med eit krater i midten. Vulkankjegler kan delast inn i forskjellige typar, avhengig av kva stoff som er kasta ut i utbrotet. Av dei vanlegaste typane finn ein sprutkjegle, cinderkjegle, oskekjegle og tuffkjegle.

Sprutkjegle[endre | endre wikiteksten]

Ei sprutkjegle er forma av smelta lava som vert kasta ut frå ein ventil. Gassar som utvidar seg i lavafontena riv den flytande steinen inn i ujamne klumpar som fell tilbake til jorda og dannar ein haug rundt ventilen. Den framleis delvis flytande steinen skvettar eller spruter når han treffer overflata og haugen som vert danna vert derfor kalla ein spruthaug. Sidan "dropane" ikkje er heilt faste når dei landar får kvar partikkel ei særs ujamn form og smeltar saman når dei stivnar, og på den måten er dei forskjellig frå sinder og oske. Sprutkjegler er typiske for vulkanar med særs flytande magma, som dei ein finn på Hawaii.

Oske- og tuffkjegler[endre | endre wikiteksten]

Ei oskekjegle består av partiklar av storleik som i gjørme eller sand. Eksplosive utbrot frå ein ventil der magma vekselverkar med grunnvatn eller sjøvatn produserer damp og vert kalla freatisk. Vekselverknaden mellom magma, utvidande damp og vulkanske gassar fører til at stort sett små partiklar vert sprøyta ut, kalla vulkansk oske. Fallande oske har same konsistent som mjøl. Laus oske dannar ei oskekjegle, som vert ei tuffkjegle eller ein tuffring nå oske vert fast (sjå òg tuff). Uttrykket pyroklastisk kjegle vert ofte nytta synonymt til tuffkjegle.

Eit døme på ei tuffkjegle er Diamond HeadWaikīkī i Hawaiʻi.

Sinderkjegler[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sinderkjegle.
Sinderkjegle

Ei sinderkjegle er ei vulkansk kjegle som nesten berre består av lause vulkanske partiklar kalla sinder (pimpstein, pyroklastisk stein eller tefra). Dei består av partiklar og klumpar av størkna lava som kjem frå ein enkelt ventil. Når den gassdrivne lavaen vert blåst kraftig ut av ein ventil bryt han opp i små bitar og størknar, før han fell ned tilbake som sinder rundt ventilen, og dannar slik ei sirkelforma eller oval kjegle. Dei fleste sinderkjegler har eit skålforma krater på toppen.

Sinerkjegler vert sjeldan høgare enn 500-750 m i forhold til omgjevnadane og sidan dei består av lausmassar vert dei ofte raskt erodert bort, med mindre det skjer nye utbrot.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]